Hopp til innhold

Etterlyser denne mannen etter overfall i Bergen

Politiet går ut med etterlysing etter at kvinne (30) skal ha blitt forsøkt valdteken på open gate.

Overvåkingsbilde fra politiet etter overfall i Bergen

GÅR UT MED BILETE: Politiet har frigitt dette overvakingsbilete tatt i Rosenbergsgaten i Bergen 02.21. Dei ynskjer å koma i kontakt med mannen med kvit lue på biletet og tek i mot tips på 02800.

Foto: Politiet

Natt til torsdag fekk politiet melding om at ei 30 år gamal kvinne var overfallen på Nygårdshøyden i Bergen.

– Ein mann prøvde å truga til seg seksuell omgang, elles skulle han drepe henne, fortalde operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt om episoden til NRK torsdag.

Kvinna har anmeldt overfallet til politiet.

Slått og sparka

Då kvinna byrja å skrike om hjelp, skal mannen ha både slått og sparka henne i hovudet, før han sprang av garde.

Politiet har ingen mistenkte i saka så langt. Ifølge kvinna hadde mannen på seg ei kvit lue som han tok av seg då han sprang frå staden.

Overfallet vart meldt inn til politiet klokka 02.53 og skjedde i krysset mellom Rosenbergsgaten og Sigurds gate i Bergen sentrum.

Valdtekstforsøk i Rosenbergsgaten

GROVT OVERFALL: Overfallet skjedde i dette krysset, mellom Sigurds gate og Rosenbergsgaten på Nygårdshøyden i Bergen. Personen på biletet har ikkje noko med saka å gjera.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Går ut med bilete

No går politiet ut med overvakingsbilete frå ei adresse i Rosenbergsgaten, tatt klokka 02.21.

– Videoen syner ein mann med kvit lue, som går i retning Sigurdsgate. Politiet ønskjer å komme i kontakt med personen på bildet, for å avklare om personen har opplysningar som er relevant for saka, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

Tips kan meldast inn til politiet på telefon 02800.

– Vi har fått fleire tips, men ønskjer fleire. Saka blir etterforska breitt. Personen på biletet er interessant for oss å koma i kontakt med, på grunn av tidspunktet og stedet vedkommende er avbilda, seier påtaleansvarleg Cathrine Krohn til NRK.

Politiet presiserer at mannen på biletet ikkje har status som mistenkt. Dei ønskjer å kome i kontakt med vedkommande for å høre om han kan ha opplysningar om saka.

Kvinna som har politimeld overfallet har tidlegare forklart at mannen hadde halvlangt mellomblondt hår, snakka bergensdialekt, nordisk utsjånad og vera i underkant av 30 år.