Hopp til innhold

Etterlyser 29-åring

Ein mann (29) er meld sakna frå Os. Siste bekrefta kontakt var onsdag 4. oktober, skriv politiet i ei pressemelding. Mannen er 168 cm høg, har normal kroppsbygning, kort mørkeblondt hår og lys hud. Han kan ha gått i lue, blå ytterjakke, tynn strikkegenser, grå eller sort joggebukse, samt svarte eller kvite joggesko då han forsvann. Kanskje hadde han solbriller. Politiet ber om at personar som kan vita noko, tar kontakt på 02800.