Hopp til innhold

Etterforskinga i Etne vil ta tid

Årsaka til fjøsbrannen i Etne i går er enno ikkje kjend. Politiet har starta avhøyr etter brannen der 35 storfe brann inne. Det vil ta tid før dei tekniske undersøkingane kjem i gang, opplyser fungerande lensmann i Etne, Arild Austrheim. I kveld startar arbeidet med å ta ut skrottane frå fjøset.