NRK Meny
Normal

Politiet etterforskar trenarvald mot gut (12)

Ein gut på tolv år blei sendt til legevakt med pusteproblem under ei fotballtrening i Bergen onsdag. – Guten skal ha blitt tatt tak i av trenaren, seier politijurist Jan Christian Alvheim.

Trener avhørt etter angrep

RYKKA UT TIL FOTBALLTRENING: Politi og ambulanse rykka ut til ei fotballtrening i Bergen etter at ein gut skal ha fått pusteproblem. Éin person er mistenkt i saka.

Foto: HOGNE ULLA

Onsdag rykka politi og ambulanse ut etter melding om ein gut på tolv år som fekk pusteproblem under ei fotballtrening.

– Guten skal ha blitt tatt tak i av fotballtrenaren, det er dette som skal ha utløyst pusteproblema for guten, seier Alvheim.

Trenaren er mistenkt

Politiet seier det førebels er for tidleg å seie noko om kor hardt trenaren skal ha tatt tak i guten.

– Me fekk meldingar om at guten skal ha blitt tatt tak i av trenaren, men det er litt tidleg å gå i detalj på kor hardt det skal vere snakk om.

Politiet etterforskar no saka, der trenaren har status som mistenkt.

– Me har snakka med trenaren, men det er ikkje gjennomført eit avhøyr endå. Det vil bli gjort i næraste framtid, fortel Alvdal.

Ikkje gjennomført avhyrt

Politiet har heller ikkje gjennomført avhøyr av den tolv år gamle guten.

– Me har jo hatt ei samtale med han, men me vil gjennomføre eit formelt avhøyr så snart det lar seg gjere.

– Det var mange vitne tilstades, fleire av desse vil truleg bli kalla inn til avhøyr.

Guten blei køyrd til legevakt og blei teken hand om av helsepersonell.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik