Etterforskar dobbeltdrapet for fullt: – Eit voldsomt sjokk for familien

BERGEN TINGRETT (NRK): Den tredje mannen (33) som er drapssikta, nektar straffskuld. Torsdag vart han fengsla i fire veker.

Fengslingsmøte etter drapene i Gullfjellsvegen.

BISTANDSADVOKATAR: Cecilie Wallevik (tv), Rolf Knudsen og politiinspektør May-Britt Erstad på fengslingsmøte i Bergen tingrett.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Politiet i Bergen har framleis store ressursar i sving i etterforskinga av den omfattande dobbeltdrapssaka i Bergen.

Ei kvinne (29) og ein mann i 40-åra vart måndag funnen drepne i eit turområde ved Gullfjellet i Arna bydel.

Tre menn på 56, 36 og 33 år er alle sikta for drap eller medverking til drap i saka. Ein fjerde mann i 40-åra er sikta for å bidrege til å øydelegga bevis, men er sleppt fri av politiet.

– Saka er sjølvsagt eit voldsomt sjokk og ein stor tragedie for dei pårørande, seier bistandsadvokat Rolf Knudsen til NRK.

Advokat Erik Mjell under fengslingsmøtet drapssak i Bergen

FORSVARAR: Advokat Erik Mjell forsvarar ein drapssikta 33-åring. Han møtte utan klienten sin i fengslingsmøte torsdag.

Foto: Christian Lura / NRK

Møtte ikkje til fengsling

Han representerer dei etterlatne etter den drepne kvinna (29). Han har så langt hatt ein kort samtale med ein av dei.

– Dei har først og fremst behov for å komme over sjokket og sørge i første omgang, seier Knudsen.

Onsdag vart den sikta 56-åringen og 36-åringen fengsla i fire veker.

Torsdag er det fengslingsmøte for den tredje drapssikta. Han møtte ikkje til fengslingsmøtet. Det er ikkje kjent kvifor.

Fengsla i fire veker

– Min klient samarbeider med politiet, men tek anklaga tungt. Han erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvarar Erik Mjell til NRK.

Møtet gjekk for lukka dører, etter ønskje frå politiet.

– Politiet har enno ikkje full oversikt over hendingsforløpet. Det er allereie publisert fleire detaljar enn ønskjeleg frå etterforskinga, grunngav dommar Stein Dons Heinfjell.

Torsdag ettermiddag vart 33-åringen fengsla i fire veker, med full isolasjon og medieforbod dei to første vekene.

Møllendalsveien undersøkelser dobbeltdrapssaken i Bergen

VIKTIG STAD: Tre døgn etter likfunna er politiet framleis på plass ved hospitset i Møllendalsveien.

Foto: Christian Lura / NRK

Undersøker boss ved blokk

33-åringen vart pågripen i ein væpna aksjon på eit kommunalt butiltak i Arna tysdag ettermiddag.

Både BT og BA skriv torsdag at krimteknikarar igjen er på plass ved blokka for å gjere undersøkingar. Mellom anna går dei gjennom fleire bosskonteinarar på utsida av blokka.

– Dette er vanlege undersøkingar og eg kan ikkje seie om vi leitar etter noko konkret. Vi prøver å samle inn så mykje info som mogleg, og arbeidet i Møllendalsveien og på Lone er ein del av det, seier politiinspektør Tore Salvesen til NRK.

Politiet sperra av bosskontainerskur i Lonemarka Dobbeltdrapssaka i Bergen

HENTA BOSSKONTEINARAR: Politiet har sperra av ved eit søppelskur på Lonemarka i Arna.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Hovudteorien til politiet er at mannen og kvinna vart drepne ein stad og deretter frakta til turområdet i Arna der dei vart dumpa, ifølge fleire medium under ei presenning.

Tysdag rigga politiet seg til ved eit hospits i Møllendalsveien i Bergen sentrum. Her har krimteknikarar jobba i fleire dagar med å sikre gjenstandar og spor.

Staden blir omtala som sentral i etterforskinga. NRK får opplyst torsdag at politiet planlegg å vera på staden heile dagen.

KART: Saka er omfattande og undersøkingar pågår over heile byen.