NRK Meny
Normal

Etter 22 år som rusmisbrukar visste ikkje Marianne korleis ho sende e-post

Då Marianne Pierron blei rusfri og skulle tilbake til kvardagen, blei teknologien eit stort hinder.

Marianne Pierron

USIKKER PÅ ALT: – Det å komme tilbake og prøve å henge med i samfunnet var overveldande, fortel Marianne Pierron, som var rusavhengig i 22 år.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Rusavhengige som skal tilbake til eit vanleg liv møter store digitale hinder dei har problem med å komme seg over.

Sjølv det som no for tida er barneskule-pensum, som å sende ein e-post, kan vere vanskeleg.

– Det å sende ein e-post var heilt ukjend for meg. Og kva tyder det å laste ned, eller å laste opp? Kor skal ein laste ting frå? spør Marianne Pierron.

Spørsmåla var mange etter 22 år som rusmisbrukar. Frå å vera avhengig av rus, blei ho som rusfri merksam på kor avhengig ho var av nett og PC. Ho trong det for å ha kontakt med Nav, med sosialkontoret eller for å bruka banken.

– Å komme tilbake og prøve å henge med i samfunnet kjendest så overveldande at eg nesten ikkje orka det, fortel ho.

– Mykje av det handlar om uvissa ein ber med seg. Ikkje fordi appen ein treng for kjøpe billett til Bybanen nødvendigvis er så vanskeleg, men fordi ein ikkje har gjort det før, forklarar Pierron.

– Må leggje til rette!

No skal eit nystarta prosjekt på Høgskulen på Vestlandet hjelpe tidlegare rusavhengige med å meistre alt frå billettautomatar til appar.

Ruth Marie Donovan

SKAL HJELPE: Ruth Marie Donovan, lektor på Høgskulen på Vestlandet.

– Rusavhengige ønskjer seg det same som alle andre. Dei ønskjer seg det gode livet, å delta og å komme seg i jobb. Då må vi leggje til rette for at det kan skje, seier Ruth Marie Donovan, lektor på Høgskulen på Vestlandet.

Donovan står bak ideen om å kople tidlegare rusavhengige på livet igjen.

– For å klare det må vi gje dei moglegheita til å vera ein del av den digitale kvardagen, den som vi alle er ein del av, seier Donovan.

Digitale analfabetar

Administrerande direktør i NHO Service og handel, Anne-Cecilie Kaltenborn, seier dei ser behovet for å gje digital opplæring til grupper som har vore lenge utanfor arbeidslivet.

Anne-Cecilie Kaltenborn er administrerende direktør i NHO Service

SER BEHOV: Administrerande direktør i NHO Service og handel, Anne-Cecilie Kaltenborn.

Foto: Jon Skille Amundsen 2016 / NHO Service

– Veldig mange menneske som har bakgrunn med rus, har ei kjensle av å vere digitale analfabetar. Dei har vore sjuke og utanfor både livet og arbeidslivet ein periode, seier Kaltenborn.

Sjølv ti år etter at ho blei rusfri, synest Marianne det kan vere vanskeleg å nytte offentlege digitale teneste. Ho er glad tidlegare rusavhengige no skal få eit tilbod som ho sakna då ho blei rusfri.

– Det er klart det hadde gjeve meg ei kjensle av meistring, håp og tryggleik på mi reise, seier Mariann Pierron.

Marianne Pierron

– KORLEIS KJØPE BILLETT? – Det er ikkje det at ein app nødvendigvis er så vanskeleg, men fordi ein ikkje har gjort det før, forklarar Marianne Pierron.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik