Hopp til innhold

Etter 170 år skal Madonna få kome heim

Ved hjelp av ny teknologi skal ein nøyaktig kopi av den uerstattelege madonnafiguren frå mellomalderen tilbake til kyrkja i Vik. – Ein draum som går i oppfylling, seier biletskjerar.

Etter 170 år kan den etterlengta madonnafiguren endeleg kome tilbake til Vik i Sogn.

SJÅ VIDEO: – Når ein får desse verktøya og kan jobbe på denne måten er det ikkje anna å gjere enn å smile. Dette er ein draum som går i oppfylling, seier Bjarte Aarseth.

– Ho er ein del av Vik si historie og identiteten vår, seier Alf Tore Hommedal i Hovemadonna-komiteen.

«Madonna med barnet» vart flytta frå Hove steinkyrkje til Bergen museum i 1840, og i lang tid har komiteen og resten av lokalbefolkninga i Vik i Sogn ynskt seg kunstskatten tilbake.

No skal ny teknologi gjere det mogleg for sognebygda å igjen få huse ein madonna.

Nøyaktig arbeid

Denne veka har skulpturen blitt 3D-skanna på Universitetsmuseet i Bergen. Det er første gong i Europa at ein madonnafigur blir skanna på denne måten.

Biletskjerar og overingeniør Bjarte Aarseth jobbar til dagleg ved Kulturhistorisk museum i Oslo, men no har han tatt med seg skanneutstyr til Bergen for å realisere ein 30 år gammal draum.

Hovemadonna i Bergen

SKANNING: 3D-skannar gjer det mogleg å lage ein nøyaktig kopi av figuren.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Overflata er så skjør at ein ikkje kan kome borti den, då drysser det av. Denne skulpturen er så verdifull at ein ikkje kan risikere det, seier Aarseth, medan han viser NRK rundt i lokalet der arbeidet blir utført.

Gamle metodar for å måle figuren har ikkje vore mogleg, fordi ein dermed ville risikere å øydelegge den såkalla Hove-madonnaa. Skulpturen vert rekna som eit av dei vakraste kunstverka frå mellomalderen.

Brukar opp mot to år

Nøyaktige mål er heilt avgjerande for at treskjeraren kan lage ein kopi.

– Når vi skannar på denne måten, blir det som om du legg ein gjenstand under eit mikroskop. Utviklinga og moglegheitene er heilt eventyrlege, seier Aarseth.

I rundt 600 år stod den forgylte skulpturen i Hove steinkyrkje i Vik. Etter reformasjonen vart skulpturen gøymd vekk i bygda, og seinare overført til Bergen. Her har den stått dei siste 170 åra.

– Ho er alt for langt vekke når ho no er på museum i Bergen, seier Hommedal i Hovemadonna-komiteen.

Når 3D-printa er ferdige, skal ein treskjerar i Oslo jobbe vidare med kopien. Prosessen vil ta mellom eitt og to år.

– Når ein får desse verktøya og kan jobbe på denne måten er det ikkje anna å gjere enn å smile. Dette er ein draum som går i oppfylling, seier Aarseth.

Hovemadonna i Bergen

KUNSTSKATT: Madonnafiguren pryda Hove kyrkje i Vik i 600 år. No kan ein etterlengta kopi snart vere på veg tilbake.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK