Hopp til innhold

Søppel frå Etneelva flyt i fjordane

Søppel frå traileren som køyrde i Etneelva flyt no ut i fjordane i Sunnhordland. Boss er observert på det kjende friluftsområdet Romsa.

Søppelet flyt i Etneelva

SØPPEL PÅ AVVEGAR: Store mengder boss er tatt opp frå Etneelva, men mykje har også hamna i fjorden.

Foto: Egil Torheim / NRK

29 tonn med hushaldningsavfall hamna i Etneelva då ein trailer køyrde utfor vegen sist torsdag. Trass i betydeleg oppryddingsinnsats har bosset no spreidd seg over eit stort område.

Søppel har blitt ført med elva ned til sjøen. Vidare har straum og vind ført det utover Etnefjorden og heilt til Romsaøyane i Bjoafjorden.

Kjent friluftsområde

Romsa er eit kjent friluftsområde, mykje nytta av båtfolket. Det er Friluftsrådet Vest som driv og vedlikeheld øyane.

– Me har fått rapportar om at søppel har reke i land på Romsa, men har ikkje oversyn over omfanget ennå, seier dagleg leiar Oddvin Øvernes.

Friluftsrådet vil ein av dei næraste dagane undersøka området og deretter starta opprydding. Rekninga vil gå til Tryg forsikring, der ulukkesbilen var forsikra.

Artikkelen held fram under kartet.

Ventar på dykkarar

Også i Etne kommune har dei no nær kontakt med forsikringsselskapet. I løpet av kort tid skal Tryg engasjera eit dykkarfirma til å undersøka botn av elva.

– Det er no reinska langs det meste av elvekanten, men boss som har lagt seg på botn er ei utfordring, seier ordførar Sigve Sørheim.

Det er djupare kulpar og bakevjer som først skal undersøkjast. Miljøansvarleg Erik Kvalheim i Etne kommune fortel at dette er vanskeleg arbeid:

Sigve Sørheim

OPPTEKEN AV LAKSEN: Ordførar Sigve Sørheim i Etne ventar på at elevbotnen skal undersøkjast av dykkarar.

Foto: Etne kommune

– Av omsyn til tryggleiken må minst tre dykkarar vera med på jobben.

Den organiserte oppryddingsdugnaden i elva blei avslutta i helga. Men framleis blir laksefella i elva tømt for søppel.

Gyteklar fisk

Det er venta at laksen i elva vil gyta om eit par veker. Kvalheim seier dei håpar at mykje av oppryddingsarbeidet skal vera gjort innan den tid.

Så langt er det ikkje meldt om daud fisk. Forskarar trur også at laksen skal unngå skade.

Kommunen har kontakt med miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen.

– Me håpar Fylkesmannen vil senda sine folk hit for å følga med på kva som skjer med laksen, seier ordføraren.