NRK Meny
Normal

Etne er på veg ut av Hordaland

Har gjort det klart at dei ikkje vil vera ein del av ein storkommune i Sunnhordland.

Laster kart, vennligst vent...

– Vi har konkludert med at det ikkje er naturleg for oss å fortsetja prosessen med ein storkommune i Sunnhordland, seier ordførar Sigve Sørheim (Sp) i Etne.

Måndag kveld gjorde formannskapet i kommunen vedtak med 6 mot 1 røyst, som gjer at ein kan seie første steg mot Rogaland fylke er tatt. Lokalpolitikarane vil greia ut kommunesamanslåing med nabokommunane Vindafjord, Sauda og Suldal. Alle desse er kommunar i Rogaland.

Sigve Sørheim

UT AV HORDALAND? Ordførar Sigve Sørheim trur det går mot at Etne melder overgang til Rogaland når kommunesamanslåing er gjennomført.

Foto: Etne kommune

– I hovudsak har det med kommunikasjon å gjere. Det blir feil for oss dersom til dømes Stord skulle bli senter i den nye kommunen. Per i dag samarbeider vi tett med Vindafjord og Haugalandet, forklarer ordføraren.

– Fylkesgrensa inga hindring

Ordføraren i Etne trur også kommunestyret vil stå fast på måndagens vedtak når saka skal opp der seinare.

– Det er fleire i Etne som ønskjer at kommunen skal bli ståande åleine. Det er også nokon i Åkrafjorden som meiner vi må tenkje i retning av Kvinnherad og Odda. Men eg trur ikkje det blir dei store endringane i kommunestyret, seier han.

Etne har sterke historiske band til Hordaland og Sunnhordland. Dette har sterk samanheng med tida då fjorden var hovudferdselsåre. Etter kvart som vegen er blitt viktigare og viktigare, har fjorden sin betyding som hovudferdselsåre blitt sterkt redusert og i mange høve blitt ei ulempe.

Frå rådmannen i Etne si vurdering av saka

– Betyr dette også farvel til Hordaland fylke?

– Ja, det er nok det som blir resultatet. Regjeringa har også sagt at fylkesgrensene ikkje skal vera noko hindring for kommunesamanslåing, seier Sørheim.

Sveio også på veg ut

Ruth Eriksen

UT AV HORDALAND? Ordførar Ruth Østebøvik Eriksen har for lengst sagt at ho er ei rogalandskvinne, og vil ha med seg Sveio sørover.

Foto: Høyre

Det er ni år sidan Ølen og Vindafjord kommunar blei slått saman. Dermed forsvann Ølen over fylkesgrensa sørover. Sveio kommune vedtok allereie i juni 2014 å ikkje vera med i Sunnhordlandsprosjektet. Der bur tyngdepunktet av dei 5500 innbyggjarane sør i kommunen, og pendlar til og frå Haugesundsområdet.

– Den største fordelen med å bytta fylke gjeld vidaregåande skule. 90 prosent av elevane våre elevar går på skule i Rogaland, sa Ruth Østebøvik Eriksen til NRK då ho gjorde kjent si personlege meining om kor hennar kommune bør høyre heime.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.