NRK Meny

Erstattar bildekk med like farleg plast

Miljøministeren vurderer no forbod mot oppkutta bildekk på kunstgrasbaner, slik fleire norske kommunar har gjort. Derimot nyttar kommunar som Bergen termoplast, ein plastvariant som er like farleg for miljøet.

Mikrogranulat

GUMMIGRANULAT: Bergen kommune er ein av få kommunar som har bestemt å forby gummigranulat frå oppkutta bildekk. Men erstatning er heller ikkje så miljøvennleg.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Frå norske fotballbanar forsvinn 1500 tonn gummikuler kvart år. Ingen veit kor stor del av dette som til sist endar opp i havet gjennom regnvatn og avløpssystem.

LES MEIR: Tonnevis med gummi fra fotballbaner går rett i naturen

Det gjer gummigranulat frå kunstgrasbanar til den nest største kjelda til mikroplastforureining i Noreg.

Forbod i Bergen

Nitti prosent av all gummigranulat stammar frå kasserte bildekk. Ifølgje forsking finst det opp mot 60 typar giftstopp og tungmetall i materialet.

Så langt er Bergen kommune ein av få kommunar i landet som har innført forbod mot den typen for gummi.

På 23 av kommunens over 150 banar er det no lagt termoplast, ein plasttype som i motsetnad til oppkutta bildekk ikkje inneheld miljøgifter og tungstoff.

– Dette er ein meir miljøvennleg type, men det er ingen tvil om at både kommunar og styresmakter kan bli betre. Bergen ligg langt framme, men me kan enno gjera meir. Det trengst meir forsking på dette, seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap).

– Dei byter plast med plast

Likevel er alternativet som erstattar miljøsyndaren er likevel ei like stor kjelde til mikroplast i naturen.

– I Bergen byter dei ein type plast med ein annan type plast. Det kjem ikkje til å redusera plastforsøplinga, men det kan ha viktige helseeffektar. Det Miljødirektoratet har sett på har ikkje vore helsekonsekvensane, men plastforsøplingskonsekvensane, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Ifølgje Miljødirektoratet er termoplast ikkje eit eintydig omgrep.

– Viss termoplasten er like lite nedbrytbar som gummigranulat, vil det ha liten effekt på reduseringa av tilførsla av mikroplast frå kunstgrasbanar. Men det avheng altså av kva slags materiale termoplasten består av, seier seksjonsleiar Thomas Hartnik i Miljødirektoratet.

Kvar enkelt bane inneheld rundt 100 tonn gummigranulat og ifølgje Miljødirektoratet må kvar bane etterfyllast med cirka ti tonn per år, på grunn av snørydding, avrenning og fordi det fester seg til sko og klede.

Plastposer i hvalmage

DEN SYNLIGE DELEN AV PROBLEMET: Plast og plastbiter funnet i magen på hvalen som måtte avlives utenfor Sotra.

Foto: Terje Lislevand / Universitetet i Bergen

Vurderar nasjonalt forbod

Først i år opna styresmaktene for å vurdera eit forbod mot gummigranulat. Dei meiner Noreg på sikt må kartleggja kva materiale som finst og innføra eit forbod viss ein finn gode og rimelege alternativ.

– Forbod er ein av moglegheitene me vurderer, seier Helgesen.

I løpet av våren vil statsråden leggja fram ein plaststrategi, med blant anna tiltak for å gjera produksjon og bruk av plastmateriale som gummigranulat meir miljøvennleg.

– For kunstgrasbanar manglar ein eit avfalls- og resirkuleringssystem i dag. Difor vil eg gå i dialog med Noregs Fotballforbund om kva me kan gjera for å betra den situasjonen.

Siste video

Uredd rev dukker opp ved huset til revejeger Hans Gunnar Skarstein to ganger om dagen
Brann vant trygt på bortebane. Men skulle Lysekloster hatt straffe tidlig i kampen?
Programleder Mette Anthun.