NRK Meny
Normal

– Vi skal bli verdas beste havnasjon

BERGEN (NRK): Meir oppdrett av nye artar er på den lange lista over tiltak som skal løfte Noreg til ei stormakt til havs.

Erna Solberg med Bryggen i Bergen i bakgrunnen

TIL RØTENE: – Vi skal vere det landet alle som jobbar med hav ser til og vil samarbeide med, seier statsministeren, her tilbake i heimbyen i dag.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Tysdag lanserte regjeringa sin nye havstrategi (ekstern lenke).

– Vi har ei lang og stolt historie knytt til havet i Noreg. Det er her vi har henta vår økonomi og mesteparten av det vi lever av. No skal vi følgje vidare på denne historia, sa statsminister Erna Solberg.

Regjeringa hadde sendt ministrar rundt fleire stadar langs kysten for å presentere den nye marine satsinga. Statsministeren hadde sjølv tatt turen til heimbyen Bergen.

– Vi har eit enormt oljeeventyr som kjem til å fortsetje i mange år, men vi har eit veldig behov for å løfte oss på fleire område. Vi må vidareutvikle kunnskap og kompetanse, og skape nye jobbar, sa statsministeren frå dekket på forskingsskipet Fridtjof Nansen.

Lovar fleire jobbar

– Vi siktar oss inn på noko så ambisiøst som å vere verdas beste havnasjon. Vi skal vere det landet alle som jobbar med hav ser til og vil samarbeide med, seier Solberg.

Havbaserte næringar står i dag for 70 prosent av eksportinntektene til Noreg.

Regjeringa sitt mål er å vere i førarsetet i den globale utviklinga. Dei meiner dette òg kan skape fleire arbeidsplassar.

– Dette er strategien for framtida. Det er arbeidsplassar som skal realiserast, og vi skal skape verdiar med dei enorme moglegheitene som er i havet, seier næringsminister Monica Mæland.

Erna Solberg og Monica Mæland om borg på et skip

MARIN SATSING: – Havbruksstrategien er ei satsing på ei næring der 250.000 nordmenn jobbar, sa Mæland og Solberg, her om bord på havforskingsskipet Fridtjof Nansen.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Regjeringa går inn for tre hovudsatsingar:

  1. Bidra med gode rammevilkår og samarbeidsarenaer i næringane
  2. Legge til rette for nye satsingar: Forsking, utvikling, kartlegging av havressursar
  3. Styrke samarbeidet internasjonalt

Lang liste med tiltak

– Strategien vår skal samle og styrke satsinga på havnæringane. Det handlar om olje og gass, fisk, havbruk og maritime næringar. I dag jobbar over 250.000 menneske i desse næringane, seier Mæland.

Dette er regjeringa sine viktigaste tiltak:

  • Gi marin og maritim næring moglegheiter for å teste ut løysingar i fullskala som oljenæringa har gjennom petroleumsforskinga Demo 2000
  • Bidra til innovasjon gjennom auka næringsretta forsking på tvers av havnæringane
  • Styrke havnæringane sin internasjonale konkurransekraft gjennom å bygge Noreg som merkevare
  • Kartlegge moglegheiter for oppdrett av nye arter og legge til rette for hausting av nye artar
  • Auke kunnskapen om økosystema i kystsona for å legge til rette for vidare vekst i havbruksnæringa
  • Styrke kunnskapsgrunnlaget om havøkosystema si rolle for den globale klimautviklinga
  • Legge til rette for forskingstokt til Antarktis
  • Styrke geologisk kartlegging av petroleumsressursar og mineral i havet
  • Styrke petroleumsforskinga for å bidra til styrka internasjonal konkurransekraft for norsk petroleumsverksemd og havbaserte næringar generelt

– Aldri har det vore satsa meir på havnæringane enn i år, vi bruker 1,2 milliardar av statsbudsjettet, seier Mæland.

Næringsministeren meiner vi må profilere Noreg endå sterkare som ein havnasjon.

– Vi har nok å jobbe med, og vil bruke kompetansen frå petroleum i resten av havsektoren. Over 90 prosent av det som er i havet er ikkje utforska. Det gir oss eit enormt potensial, seier Mæland.

– Ei satsing på å øydelegge havet

Hordaland Natur og Ungdom aksjonerte ved framlegginga av havstrategien i Bergen tysdag. Dei meiner strategien vil øydelegge havet.

– Regjeringa legg opp til ei naiv og omsynslaus forvaltning av havområda våre. Strategien undergrev havet sitt framtidige ressursgrunnlag, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

Natur og Ungdom under presentasjonen av regjeringa sin havstrategi

MISNØGDE: Hordaland Natur og Ungdom aksjonerte ved framlegginga av havstrategien i Bergen, der statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland var til stades.

Foto: Hordaland Natur og Ungdom

Miljøvernorganisasjonen meiner dette er ei satsing på å øydelegge havet.

– Havet er ikkje stort nok for alle. Ei satsing på olje og gass undergrev ei satsing på havet fordi klimaendringar er den største trusselen mot havet, seier Skjoldvær.

Fiskebåtreiarane er derimot positive til det som kjem fram, og meiner dette er ein offensiv strategi frå regjeringa.

– Vi er glad for å ha ei regjering som engasjerer seg i dei blå næringane. Mykje av det som kjem fram samsvarar med det vi har spelt inn i forkant, seier Audun Maråk i interesse- og arbeidsgiverorganisasjonen Fiskebåt i ei pressemelding.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2