NRK Meny
Normal

Meiner bybane-rekninga må på bordet

– Vi skal ha råd til fleire trasear for bybanen, seier statsminister Erna Solberg.

Statsminister Erna Solberg vil ikkje kommentera striden om kor Bybanen til Åsane skal gå gjennom Bergen sentrum. Men ho minnar om at ein har bruk for pengar til fleire planlagte trasear.

VIDEO: Sjå intervjuet med statsminister Erna Solberg (Reporter: Rune Eriksen. Foto: Jørgen Eide).

Bybanen langs Bryggen

BRYGGEN: Slik kan det koma til å sjå ut viss Bybanen til Åsane skal gå over Bryggen.

Foto: Norconsult/Bergen kommune

Nyleg sa både Arbeidarpartiet og Høgre i Bergen nei til bybane over Bryggen.

Då bestemte byrådet seg for å utsetja saka. Det blei også bestilt nye utgreiingar om traseen mot Åsane.

Alternativet med tunnel gjennom sentrum blir rekna som svært mykje dyrare å bygga enn å la bybanen gå over Bryggen.

– Må sjå på økonomien

– Eg har klare meiningar om traseen, men som statsministeren vil eg ikkje blanda meg inn, seier Solberg til NRK.

Partikollega Peter Christian Frølich har vore leiande i kampen for tunnelalternativet.

Solberg seier det er bra med store debattar, slik som den Frølich har stått i spissen for. Men ho understrekar at ein også må ha økonomien i tankane.

– Viss ein blir veldig forelska i eitt alternativ, må ein også til slutt setja seg ned og sjå på økonomien og få tala på bordet. Vi skal jo ha råd til fleire bybanestrekningar enn denne, seier statsministeren.

Glad for ny debatt

Ho er uansett glad for at debatten om bybanen har kome eitt steg vidare i heimbyen.

– Det er utruleg viktig at debatten ikkje lenger gjeld om vi skal ha bybane eller ikkje, seier Solberg.

Ho lovar at regjeringa skal vera med og støtta bybaneutbygginga i Bergen, og viser til at dette er nemnt spesielt i regjeringsplattformen.

Bryggen Bybanen Frølich

KAN BLIR DYRT: Peter Christian Frølich (H) fekk laga denne illustrasjonen for å visa korleis Bryggen kan bli viss Bybanen blir lagt i tunnel.

Foto: Fabian Schnuer Gohde

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.