Familiefar tilstår overgrep mot jenter på overnattingsbesøk

BERGEN TINGRETT (NRK): Mann i 40-åra erkjente alt då rettssaka mot han starta måndag.

Verling, Mjøs og Villanger

RETTSSAK: Bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs i samtale med forsvararar Fredrik Verling og Kim Villanger i Bergen tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Mannen møtte måndag i Bergen tingrett, tiltalt for gjentekne seksuelle overgrep mot åtte mindreårige jenter.

Dommar Marie Vonen las opp den omfattande tiltalen mot mannen. Han svara lågmælt, men tydeleg, «ja» på alle spørsmål om han erkjenner straffskuld i saka.

Dermed tilstår mannen i 40-åra gjentekne og grove overgrep mot jentene.

Skjedde over fleire år

Overgrepa, som har skjedd over fleire år, gjekk føre seg då jentene var på overnattingsbesøk til dottera til tiltalte.

Alle jentene var under ti år då overgrepa mot dei starta, nokre av dei var berre fem - seks år. Mannen er i også tiltalt for å ha tatt bilete av overgrepa, som etterforskarane har brukt til å identifisere jentene.

Saka vart kjent for politiet då ei av jentene hausten 2013 fortalde mora si kva som hadde skjedd, fleire gonger, på overnattingsbesøk hjå venninna.

Aktor og statsadvokat Magne Kvamme Sylta

Aktor Magne Kvamme Sylta i Bergen tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Jentene sov

Politiet gjorde i november 2013 eit omfattande beslag i data- og mobilutstyr hjå mannen.

Men politiet brukte langt tid på å gå gjennom beslaga. Den tiltalte vart etter avhøyr i november 2013 sleppt fri. Ikkje før i slutten av mars 2015 blir han arrestert igjen og varetektsfengsla.

Mannen er i også tiltalt for valdtekt mot fleire av jentene i saka.

– Overgrepa har skjedd medan jentene anten sov eller var ute av stand til å motsetje seg handlingane til tiltalte, sa aktor Magne Kvamme Sylta i sitt opningsinnlegg.

Ellen Eikeseth Mjøs

Ellen Eikeseth Mjøs er bistandsadvokat for sju av jentene i saka.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Fortalde om overgrepa

Det er tatt tilrettelagde avhøyr av dei fornærma i saka, og dagen i dag har gått med til å spele av video frå desse avhøyra i retten. Avhøyra er frå ein halvtime til over ein time lange.

Ikkje alle jentene hugsar, eller maktar å fortelje, om det som har skjedd. Andre kan fortelje meir om kva den tiltalte skal ha utsett dei for.

I eit av avhøyra som blir spelt av i retten, fortel ei jente at ho vakna av at tiltalte kom inn på rommet ho sov på, og byrja å ta bilde av ho. Ho sette deretter ord på korleis mannen forgreip seg på ho, at det var ubehageleg og at ho ikkje ville at tiltalte skulle gjere det.

Ho prøvde å snu seg vekk og dra opp igjen dyna. Til slutt fortel at ho ikkje ville sei noko heime om kva som hadde skjedd, fordi det var flaut. Ei anna jente fortel at ho lukka att auga og lata som ho sov då eit overgrep fann stad.

– Det er eit barn som hugsar godt og forklarer seg detaljert. Hennar forklaring, og at mora tok kontakt med politiet, er heilt avgjerande og svært viktig for saka, seier bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs.

Kan få forvaring

Det er over 20 personar som skal vitne i retten, inkludert dei fornærma jentene og nokre av deira foreldre.

Også etterforskarar og kriminalteknikarar skal i retten for å forklare bevisa som er samla inn. Tysdag er det venta at den tiltalte skal forklare seg.

I tiltalen varslar statsadvokaten at han vil legge ned påstand om forvaringsstraff.