NRK Meny
Normal

– Eg gjer ein unnamanøver, men den vert ikkje som fyrst tenkt

I dag starta den tre dagar lange rettssaka der ulykkespiloten ved Røldal skisenter er tiltala for omsynslaus flyging. Den sikta erkjenner ikkje straffskuld.

Helikoterstyrt i Røldal

RØLDAL: I april 2013 styrta eit helikopter ved Røldal skisenter i Odda. Ingen personar kom til skade i styrten. Helikopterpiloten er tiltalt for omsynslaus køyring.

Foto: Svela, Elling / NTB scanpix

– Nei, svarte den sikta flygaren etter at aktor Bertil Christian Hast Rønnestad hadde lest opp dei tre tiltalepunkta på den sikta.

Sveinung Eliassen

FORSVARAR: Advokat Sveinung Eliassen, forsvarar den promillemistenkte piloten.

Foto: Tale Hauso / NRK

I dag starta rettssaka i rettssalen i Odda rådhus, der tingretten skal ta stilling til påstanden om omsynslaus flyging i samband med styrten. Den sikta erkjenner ikkje straffskuld.

Helikopteret knakk i to

Under Røldal Freeride Challenge 27. april i 2013, styrta eit helikopter frå Fonnafly i snøen ved Røldal skisenter.

Helikopteret knakk i to, men verken flygaren eller dei fire passasjerar om bord i helikopteret vart skadd.

Flygaren vart testa for promille på ulukkesstaden og er mistenkt for promillekøyring. Politiet var tidleg ute og fortalde at dei mistenkte at piloten var rusa før styrten. Det vart tatt alkoholtest, som gav utslag om påverknad og det vart tatt blodprøve av den sikta.

Blodprøven var eit av dei mest sentrale bevisa i saka, men forsvann frå Odda lensmannskontor same helga. Politiet meiner den vart stolen.

Det var ikkje min intensjon å setje dei i fare

Tiltalte

Kan risikere to års fengsel

I november 2014 vart piloten tiltalt for omsynslaus køyring, men ikkje for å ha vore rusa under flyginga. Strafferamma er likevel den same som om flygaren skulle ha flydd med promille, så piloten kan risikere to års fengsel.

Bertil Christian Hast Rønnestad, aktor er politiadvokat

Politiadvokat Bertil Christian Hast Rønnestad er aktor.

Foto: Tale Hauso

Blodprøven som forsvann var ikkje ein del av tiltalen, men aktor tok det, i tillegg til mistanken om promille, opp i innleiinga i dag.

Dette reagerte forsvarar Eliassen på.

– Vi står i ein situasjon der min klient no ikkje kjem seg ut av situasjonen, fordi det viktigaste beviset på det han meiner viser at han ikkje er skuldig er borte. No får vi ingen fasit, seier forsvararen.

Filma ulykka frå helikopteret

Vidare i rettssaka viste aktor ein video som vart filma frå ein av passasjerane sin hjelm under flyginga.

– Ein kan merka seg dialogen mellom piloten og ein av passasjerane etter ulykka, seier Rønnestad medan han går gjennom videoen.

Retten tolkar det som at passasjeren seier til flygaren at han har redda fem personar, medan flygaren svarar at han har sett fem stykk i fare.

– Det var ikkje min intensjon å setje dei i fare, seier den tiltalte.

Kvifor flyr du så lågt når du seier at du kunne flydd høgare?

Aktor Bertil Rønnestad

– Flydde den naturlege ruta

Aktor gjekk deretter gjennom videoen med den tiltalte.

– Det er ikkje naturleg å fly over 150 meter for så gå ned igjen. Difor meiner eg at det ikkje er riktig å bruke det målet, seier den tiltalte når aktor spør om kvifor han ikkje flydde høgare.

– Var det nødvendig å fly så lågt som du gjorde? spør aktor.

– Nei, seier den sikta.

– Kvifor flyr du så lågt i dette området? Ein har reglar for tryggleik og å hindre mykje støy. Gjorde du ei vurdering i det heile?

– Nei, eg hadde ikkje tatt den vurderinga. Dette var ved eit skianlegg. Min argumentasjon er at eg flydde den ruta som er mest naturleg, svarar den tiltalte.

Gjorde ein unnamanøver

Den tiltalte får ein modell av eit helikopter for å vise korleis han manøvrerte helikopteret.

– Eg oppdagar ei kraftlinje, som eg føler er altfor nær. Eg gjer ei unnamanøver, men den vert ikkje heilt som eg hadde tenkt.

Det kjem og fram at ei skyvedør ikkje var låst under transporten. Denne vart heldt att med ei hand eller ein fot til ein av passasjerane.

Siste video

Nå vurderer naboene å flytte.
Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.