Hopp til innhold

Departementet: – Stemmerotet er uakseptabelt

Den politiske leiinga i Kommunal- og regionaldepartementet lovar evaluering etter at hundrevis av førehandsrøyster gjekk rett i bosset. – Kjære snille departement, me treng handling ikkje evaluering, seier ordføraren i Bergen.

Forhåndsstemmer makuleres i Fjell

RØYSTA TIL INGEN NYTTE: Makuleringsmaskina på rådhuset vart siste stopp for førehandsstemmene til over hundre innbyggarar i Fjell kommune.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Eli Berland makulerer førehandsrøyster

MAKULERING: Ordførar i Fjell kommune Eli Berland overvakar makuleringa av over hundre førehandsrøyster som kom for seint fram til kommunen.

Foto: Halvor Folgerø / NRK
Eli Blakstad

VIL EVALUERA: Statssekretær Eli Blakstad frå Senterpartiet seier Kommunal- og regionaldepartementet skal evaluera måten førehandsrøyster vert transportert på.

Foto: Anne Storaunet / NRK
Forhåndsstemme-bod

RØYSTA FØR SISTE FRIST: Hundrevis av veljarar gjorde som dei fekk beskjed om og røysta innan fristen. Men røystene deira kom ikkje fram i tide.

Foto: Inger Kristine Volden / NRK

Etter å ha vore tause i fleire dagar, snakkar den politiske leiinga i Kommunal- og regionaldepartementet omsider om stemmerotet, som har gjort at røystesetlane til hundrevis av veljarar ikkje er med i det endelege valresultatet.

NRK.no har avdekka at fleire hundre førehandsrøyster har vorte makulerte, fordi dei ikkje kom fram til heimkommunen til veljaren i tide.

Fredag kunne NRK.no fortelja at det same har vore tilfelle ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011 og ved stortings- og sametingsvalet i 2009. Den Norske Helsingforskomité har uttalt at svikten grensar til at valresultatet burde annullerast.

Lovar evaluering

– Me er opptekne av at førehandsrøyster ikkje vert forkasta, så dette skal me evaluera. Me skal sørgja for at me har ei betre løysing på dette til neste val, seier statssekretær Eli Blakstad frå Senterpartiet.

Men Blakstad meiner kommunane må dela ansvaret for at røystesetlar som vart leverte fram til fristen for førehandsrøysting gjekk ut, ikkje kom fram til rett kommune før vallokala stengde måndag 9. september.

I mangel på andre system, har departementet bede kommunane om å senda røystesetlane med posten, eller på eit raskare vis. Fleire har den siste veka kritisert at dei seint innkomne røystesetlane skal sendast med ordinær post.

– Kommunane som sitt med ansvaret for røystelokala veit at me ikkje har hatt slike rutinar på plass, derfor har det vore tydeleg at kommunane må senda stemmene på den raskaste mogelege måten, seier statssekretæren.

HØYR: Ordførar Trude Drevland og statsekretær Eli Blakstad diskuterer røysterotet i Ukeslutt.

– Treng ikkje bruka posten

Ho meiner det er snakk om rutinesvikt når NRK har dokumentert at røystesetlar som skulle transporterast mellom nabokommunar er sendt i posten. Postgangen har tatt fem dagar.

– Det er ikkje slik at kommunane treng bruka posten. Om det er snakk om røyster mellom to nabokommunar kan ein òg frakta desse fram med bil, seier Blakstad.

LES ALT OM STEMMESKANDALEN:

– Ikkje skuld på postmann Pat

Ordføraren i Bergen er ikkje fornøgd med svaret frå departementet.

Trude Drevland

IRRITERT: Trude Drevland som leiar valstyret i Bergen er ikkje fornøgd med svaret frå departementet.

Foto: Bergen kommune

– Kjære snille departement. No må departementet slutta å skulda på andre. Me treng eit system som er godt nok. Me treng handling, ikkje meir evaluering, seier Trude Drevland frå Høgre.

Bergensordføraren meiner ansvaret må plasserast ein plass – i Kommunal og regionaldepartementet.

– Dette er uakseptabelt, og dette har ikkje noko med postmann Pat å gjera. Det handlar om systemet, seier ordføraren som meiner ein må få på plass eit system som gjer at førehandsrøystene kan sendast elektronisk frå ein kommune til ein annan.

– Ikkje akseptabelt

Statssekretæren vedgår at dagens løysing ikkje på god nok måte sikrar at alle røystesetlane kjem fram i tide.

– Eg er samd med Drevland i at dette ikkje er akseptabelt, her må me etter kvart finna eit system som gjer at me kan lesa røystene elektronisk. seier Eli Blakstad.

Tre dagar etter valet får mange kommunar framleis stemmer for seint i posten. I Fjell kommune må over 100 stemmer makulerast.

Video: I Fjell kommune måtte over 100 røystesetlar makulerast fordi dei kom for seint fram.