NRK Meny
Normal

Drapssikta erkjenner å ha knivstukke kvinne

50-åringen som er sikta for drap i Fyllingsdalen har i avhøyr erkjent å ha stukke den 35 år gamle kvinna fleire gonger med kniv.

Kvinne knivdrept i Fyllingsdalen

ERKJENNER: Den drapssikta har erkjent å ha stukke kvinna med kniv.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Trond Eide

PRESSEKONFERANSE: Politiadvokat Trond Eide opplyser at den sikta i knivstikkingssaka erkjenner å ha stukke den fornærma med kniv.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Den sikta har i avhøyr erkjent at han har stukke fornærma fleire gonger med kniv, seier politiadvokat Trond Eide under ein pressekonferanse.

Den 50 år gamle mannen vart arrestert i Fyllingsdalen etter at politiet klokka 23.43 fekk melding om knivstikking.

– Den sikta blei arrestert utan noko dramatikk, seier politiadvokat Trond Eide.

Den 35 år gamle kvinna vart erklært død kort tid etter at politiet kom til staden.

Mannen er sikta for forsettleg drap og sit framleis i avhøyr med politiet.

Vitner såg drapet

Knivdrap i Fyllingsdalen

VITNE: Eit vitne skal ha sett delar av det som skjedde då ei kvinne vart stukke med kniv laurdag 13. desember i Fyllingsdalen.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Politiet har i natt gjort avhøyr med fleire vitne som var på åstaden. Eide seier til NRK at eit vitne skal ha sett delar av hendinga.

– Vitna vart tatt med på politistasjonen og vart avhøyrt i løpet av natta. Me har ikkje oversikt kor mange som var til stades i leilegheita, men dei skal ha sett delar av det som skjedde, seier Eide.

Den sikta er dansk statsborgar og er er opprinneleg frå Sri Lanka. Han har budd i Noreg sidan 2013.

Veit ikkje om dei har drapsvåpenet

Den avdøde vil bli obdusert, og i samanheng med dette vil krimteknikarar vera til stades. Den sikta vil bli framstilt for fengsling måndag eller tysdag. Politiet har beslaglagt fleire knivar på åstaden.

– Me veit ikkje om me har sikra drapsvåpenet, for dette skjedde på eit kjøkken der det er fleire knivar, seier Eide.

– Både den sikta og den fornærma budde begge to på adressa, i eit hybelhus, og dei delte fellesareal, seier han.

Dei andre bebuarane på adressa har fått ein ny stad å opphalde seg medan etterforskinga går føre seg.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo