Hopp til innhold

Erik måtte avlysa sykkelturen då toget stansa i skogen

400 togpassasjerar blei evakuerte til skogs då køyreledningen på Bergensbanen blei riven av.

Evakuert etter togstans

KAOTISK: 397 personar måtte gå 300 meter på ein skogsveg og venta i skogen i fleire timar.

Foto: Erik Schreiner Evans

Ettermiddagstoget frå Oslo til Bergen stod bom fast mellom Hønefoss og Vikersund etter at toget drog med seg køyreleidningen.

– Eg høyrde noko som small før toget stansa litt brått. Eg trudde først det var ein koffert som fall ned, men me kjente seinare at det lukta litt svidd krut, seier togpassasjer Erik Schreiner Evans.

Måtte ut på skogtur

Han og kjærasten Aurora Salmelid hadde pakka sekken og var klare for å sykla rallarvegen mellom Finse og Myrdal laurdag. Planane fekk ein brå stopp ved Tyrifjorden.

– Det var litt kaotisk i starten med lite informasjon, men me fekk beskjed om å evakuera av toget og gå 300 meter opp i skogen. Heldigvis stoppa toget like ved ein skogsveg, seier Evans.

Erik Schreiner Evans og Aurora Salmelid

AVLYSTE: Evans og kjærasten Aurora Salmelid skulle sykla rallarvegen laurdag. Etter at toget stansa og alternativet var nattoget til Finse, avlyste dei planane og tok toget tilbake til Oslo.

Foto: Privat

Dei 397 personane blei bedne om å forlata toget med alle eigedelane og venta på alternativ transport som skulle frakta dei vidare mot Bergen.

Evans estimerer at han og kjærasten har venta i om lag to timar, då NRK snakkar med han fredag kveld.

NSB refunderer

Klokka 20.15 stod 11 passasjerar og tre tilsette igjen på skogsvegen ved Tyrifjorden, ifølgje NSB.

– Dei aller fleste har blitt med bussar vidare vestover. Då eg sjekka var bussen som skulle henta dei siste, like om hjørnet, seier pressetalsperson for NSB, Åge-Christoffer Lundeby.

NSB veit ikkje kva som var årsaka til at køyreleidningen fall ned.

– Det er det nesten umogleg å rekonstruera. Leidningen kan ha kome ut av posisjon, eller så kan det vera straummottakaren det var noko gale med.

Togpassasjerer evakuerer etter kjøreledningsbrudd

SVILUKT: Togpassasjer Erik Schreiner Evans seier han høyrde eit smell og kjende svilukt etter at køyreleidningen hadde falle ned bak toget.

Foto: Erik Schreiner Evans

Ifølgje Bane NOR er det venta at sporet, som er ein del av Randsfjordbanen mellom Hønefoss og Vikersund, vil opna rundt midnatt.

NSB har gitt alle dei reisande tilbod om alternativ transport til sin destinasjon. For dei som ikkje ynskjer dette, vil få billetten refundert.

– Om ein blir meir enn ein time forseinka på denne strekninga, kan ein retta seg til kundeservice og få halvparten av utgiftene refundert, seier Lundeby.

Avlyser sykkeltur

For Evans og Salmelid sin del var det ikkje aktuelt å nytta seg av tilbodet. Sidan dei skulle til Finse, er tog einaste transportmiddel.

Hadde dei takka ja til å ta nattoget til Bergen, ville dei ha kome fram til Finse klokka 04. Planen var å overnatta på turisthytta på Finse.

Erik Schreiner Evans

AVLYSTE: Evans har sykla rallarvegen før, men denne gongen skulle han og kjærasten Aurora gjera det saman. I staden avlyste dei og tok toget tilbake til Oslo.

Foto: Carina Schjem Grimsgaard

– Me tenkte at tre timar søvn på eit tog ikkje var den ideelle oppladinga til å sykla Rallarvegen. Så me fekk refundert billetten og droppa heile turen.

Syklane er allereie bestilt, men Evans seier han har trua på å få refundert utgiftene for sykkelleiga.

– Me får ta det igjen seinare i sommar. Det positive får vera at det sikkert er mindre snø i fjellet om nokre veker.