Giardia-epidemien som herja Bergen i haust er ein av dei verste epidimiane i den vestlege verda i nyare tid.
Bare New York og Sverige har hatt liknande utbrot.
No blir Bergen uformelt kompetansesenter på Giardia og epidemiar.
Epidemien ga kunnskap
Parasitten Giardia Lamblia herja i bergensarane sitt drikkevatn, Svartediket.
Då Bergen vart råka av epidimien som kom frå drikkevatnet Svartediket fekk fagfolk og forskarar samla mykje kunnskap om den til då ukjende parasitten, Giardia Lamblia.
No vil fagfolka nytte kunnskapen i eit nytt uformelt kompetansesenter, skriv Bergens Tidende.
Kompetansesenter for epidemihandtering
Senteret blir kompetansesenter på parasitten, Giardia Lamblia og på epidemihandtering.
Fleire konkrete forskningsprosjekt er under planleggjing i spesialistmiljøet på Haukeland og blant enkelte fastlegar.
Det er registrert 1300 tilfeller som er smitta av parasitten, Giardia Lamblia, i Bergen.