Hopp til innhold

Entreprenør slår alarm om sikring av over 100 tunnelar

Krangel og konflikt med ein enkelt sjef i Vegvesenet har ifølgje Mesta gått så langt at det kan få konsekvensar for vedlikehald på vegar i halve Hordaland.

E16 ved Hyvingstunnelen etter mindre ras

OVER 100 TUNNELAR: Kontrakten gjeld alle tunnelar på E16 frå Trengereid og austover. Her er Hyvingstunnelen i Voss, då den var stengt sommaren 2016.

Foto: Statens Vegvesen

Den pågåande personkonflikten kjem fram i eit brev frå Mesta til Statens vegvesen, som NRK har fått innsyn i.

Direktør i Mesta AS Elektro, Terje Dengerud, skriv der at det er eit «krevende samarbeidsforhold med byggeledelsen» og at «det er en reell fare for at konflikten får konsekvenser for kvaliteten på sikkerhetsutrustningen ved at påpekte feil og mangler ikke blir bestilt og rettet.»

Det dreier seg om ansvar og samarbeid for eitt av dei største områda i Statens vegvesen region vest: Tunnelsikring i halve Hordaland.

Dengerud teiknar eit bilete av eit så dårleg samarbeidsklima at det går utover jobben dei skal gjera: Å gjera tunnelane sikre å køyra i.

Terje Dengerud i Mesta

UROBREV: Terje Dengerud vil ikkje gje noko intervju til NRK, men skriv i urobrevet at «konflikten skyldes både saksuenighet (...) og personlig oppførsel og holdninger hos byggeleder.»

Foto: Eskil Sand

Han viser i brevet til Statens vegvesen sin eigen rapport «Tunnelrevisjon Voss 2016», som konkluderte slik:

«Det er en pågående konflikt mellom elektroentreprenør og byggherre. Dersom det ikke blir en løsning kan det få konsekvenser for kvaliteten på sikkerhetsutrustningen i tunnelene». («Tunnelrevisjon Voss 2016», 11. november 2016)

Vil ikkje snakka

Dengerud vil ikkje intervjuast om saka, og viser til avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen region vest.

Også Finne skriv til NRK at han ikkje ønsker å uttala seg til media om dette:

«Som vanleg i saker der det er usemje mellom entreprenør og Statens vegvesen (må det) løysast i dialog mellom partane. Det vil skje i denne saka óg.»

«Vår oppfatning er at konflikten nå har gått så langt at den ikke kan løses uten at det foretas endringer i administrativ bemanning hos begge parter.»

Terje Dengerud, Mesta

Mesta fekk i fjor tildelt den store kontrakten på fem år. Den gjeld drift og vedlikehald på elektriske anlegg på riks- og fylkesvegar i 15 kommunar i Hordaland frå 2016.

Ifølge utlysingsdokumentet til vegvesenet, er dette blant dei viktigaste installasjonane som Mesta skal ha vedlikehaldsansvar for:

  • Elektriske anlegg i 102 tunnelar
  • 21 bruer/undergangar
  • 930 veglys utanfor tunnelar
  • Tre trafikksignalanlegg
  • 30 variable skilt/friteksttavler
  • Åtte overvakingskamera
  • 14 vêrstasjonar
  • 57 trafikktellepunkt
  • Fire AKT-punkt
  • Tolv kaiar
  • 93 målarar

Halve Hordaland råka

Driftskontrakten gjeld for dei elektriske anlegga på alle fylkes- og riksvegar i dei åtte kommunane Modalen, Vaksdal, Voss, Ulvik, Granvin, Jondal, Ullensvang og Eidfjord

Den gjeld også i delar av kommunane Lindås, Bergen, Samnanger, Kvam, Odda, Kvinnherad og Etne, samt elanlegga på Haugastøl kolonneoppstilling i Buskerud og Uføretunnelen i Stord.

Mesta meiner tryggleiksutrutsninga står i fare på anlegga dei har kontrakt på å halda ved like. Det omfatter mellom anna tunnelar på dei viktige vegane E16 Bergen-Voss og riksveg 7 over Hardangervidda.

Vallaviktunnelen

STOR KONTRAKT: Kontrakten som Mesta varslar om, gjeld elektrisk arbeid og vedlikehald for skilt og sikring i tunnelar her i Vallaviktunnelen og 101 andre tunnelar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Konflikten skuldast personleg oppførsel

Mesta meiner hovudansvaret for konflikten ligg hjå vegvesenet sin byggjeleiar for anlegga i denne driftskontrakten:

«Vår oppfatning er at konflikten skyldes både saksuenighet knyttet til tolkning av sentrale deler av kontrakten, og personlig oppførsel og holdninger hos byggeleder.»

Den aktuelle byggjeleiaren i Statens vegvesen er ikkje namngjeven i brevet frå Mesta, men NRK har kontakta vedkommande.

Byggjeleiaren for området ønsker ikkje å snakka med NRK, men viser til sin sjef, seksjonssjef Lars Øyre ved vegseksjon Voss og Hardanger i Statens vegvesen.

– Usemje, ikkje konflikt

Øyre svarar slik på spørsmåla frå NRK:

– Kva kan du seia om den pågåande konflikten Mesta viser til?

– Mesta må få lov til å skriva det dei vil. Me har usemje og uavklarte spørsmål. Men det er noko anna enn konflikt og tvist. Me vurderer ikkje dette som ein konflikt slik den står fram i dag. Med «konflikt» nærmar ein seg ei juridisk avklaring av aktuelle tema. Der er me ikkje, meiner Øyre

Men Mesta meiner at Vegvesenet sine eigne tilsette i tunnelrevisjon både i april og november i fjor påpeika at byggjeleiaren deira også har kommunikasjonsproblem med leiarar internt i vegvesenet.

I referata frå tunnelrevisjonane heiter det at «Dialogen mellom byggeleiarane på dei ulike kontraktane har eit forbetringspotensiale». Og at «Det er i dag liten dialog mellom byggelederne på elektro og driftskontrakten».

«Dette kan skyldes at byggeleder (...) også har utfordringer med å skape godt samarbeid med sidestilte i egen organisasjon», skriv Dengerud.

Lars Øyre

– IKKJE KONFLIKT: Dette er ikkje ein «konflikt» slik det er i dag, meiner seksjonssjef Lars Øyre i Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

– Dialogen er god

Øyre avviser at dialogen internt er dårleg.

– Merknaden i rapporten handlar om at ein internt kan bli betre til å samhandla mellom kontraktane, og ikkje at samarbeidsklimaet er dårleg.

– Også mellom Mesta og vegvesenet, er det feil at dialogen er dårleg. Me har møte kvar 14. dag og der har det heilt klart kome fram at me har god dialog med dei for å jobba oss ut av denne situasjonen.

Øyre vil ikkje kommentera Mesta sin påstand om at konflikten kan få følger for kvaliteten på sikkerhetsutrustninga, og at vegvesenet ikkje bestiller retting av påviste feil og manglar.

– Eg vil ikkje meina noko om det.

30 prosent mindre arbeid

Dengerud i Mesta skriv at volumet på «utført tilleggsarbeid (..) er redusert vesentlig (..) fra 16.570 timer i 2015 til 11.313 timer i 2016.»

Han meiner at når drifts- og vedlikehaldsarbeidet er redusert med 32 % på eitt år, underbygger det faren for at konflikten svekker tryggleiken i tunnelane.

Øyre avviser påstanden:

– Det har ingen relevans å snakka om nedgang i tilleggsarbeid. Nokre år har me større bestillingar av ekstraarbeid som ikkje er ein del av vedlikehaldsarbeidet, men blir rekna som volum i kontraktssamanheng. Andre år er det mindre av slike bestillingar, og difor vil det kunna vera stor forskjell på volumet frå år til år. Når det ikkje skjer noko som gjer vedlikehald nødvendig, blir det ikkje tilleggsarbeid.

– Ein entreprenør ønsker gjerne å få meir oppdrag enn det som står i kontrakten, legg han til.

Ber om at byggjeleiaren blir fjerna

Dengerud i Mesta meiner i brevet at vegvesenet bør bytta ut sin byggjeleiar, og tilbyr at Mesta på si side då vil bytta ut sin leiar for arbeidet:

«Vår oppfatning er at konflikten nå har gått så langt at den ikke kan løses uten at det foretas endringer i administrativ bemanning hos begge parter.»

«Vårt forslag til løsning er derfor at byggeleder på kontrakten får nye oppgaver og erstattes med en ny ressurs, eventuelt at kontrollingeniør rykker opp til byggeleder. Vi vil i så fall tilsvarende flytte NN bort fra daglig oppfølging av kontrakten.»

Øyre avviser å kommentera spørsmål om å bytta ut personar frå vegvesenets side.

Dengerud i Mesta avsluttar sitt brev slik: «Vi ser det som viktig at den pågående konflikten blir løst slik at det ikke får ytterligere konsekvenser for kvaliteten på sikkerhetsutrustningen i tunnelene.»

Møttest sist veke

Mesta og Statens vegvesen møttest i slutten av førre veke til eit av dei jamlege samarbeidsmøta.

Ingen av dei to vil kommentera innhaldet i konflikten nærare eller korleis den skal løysast, verken når det gjeld fagleg usemje eller personkonflikt.

Mesta-direktør Terje Dengerud kommenterer kort at det var eit godt møte.

– No håpar og trur me på ein god prosess vidare.

– Me hadde eit godt og konstruktivt møte med entreprenøren i dag, skriv Olav Finne i vegvesenet til NRK.

– Utfordringane er samansette og me er samde om ein prosess vidare for å sikra god samhandling mellom entreprenør og oss. Også vi ventar at det blir ein god prosess.