Hopp til innhold

Enorm oppryddingsjobb etter «Nina»

BKK hadde over 400 feil på straumnettet sitt måndag, og mange av dei er skulda trevelt. Mange kundar er framleis utan straum.

Enorm trefellingsjobb for BKK etter ekstremværet "Nina".

ENORM JOBB: Halvard Miljeteig er energimontør i BKK, og hadde ein enorm jobb å gjere etter ekstremværet «Nina».

Trevelt over straumledningar

OMFATTANDE: Mange tre har velta over straumleidningar under ekstremværet «Nina». Her frå Manger i Radøy kommune.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

På Manger i Radøy kommune hadde BKK ein stor jobb framføre seg måndag.

– Her har det vore fem store trevelt på linjene, og dei har me måtte sage ned stykkevis, seier energimontør i BKK, Halvard Miljeteig.

– Me jobba til klokka tolv i går kveld, og var oppe att klokka sju, seier Miljeteig.

Hardt arbeid

Halvard Miljeteig

JOBBAR PÅ: Halvard Miljeteig har jobba i eitt strekk etter ekstremværet.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Då «Nina» herja som verst var det så mange tre som datt ned at politiet bad om at folk ikkje skulle melde om det.

Oppryddinga av trea tar tid, og det er hardt arbeid.

– Det er utfordrande, for det er tunge tre. Det er store krefter, og det er spenn i trea, og me må vera forsiktige så dei ikkje slår mot oss, seier Miljeteig.

– Det er sikkert rikeleg med jobb her, så det blir sikkert seint i kveld, seier Miljeteig.

Framleis mange utan straum

Thor Andre Berg, administrerande direktør i BKK

MANGE STRAUMLAUSE: Thor André Berg, administrerande direktør i BKK Nett, seier mange framleis er straumlause etter ekstremværet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

På det meste var over titusentals av BKK sine kundar straumlause grunna ekstremværet, og på BKK sin stasjon på Kokstad i Bergen er det framleis travelt måndag kveld.

– Me har opp under 10 000 kundar utan straum no, og me har jo hatt opp mot 60 000 kundar utan straum på eit tidspunkt dei siste dagane, seier Thor André Berg, administrerande direktør i BKK Nett før klokka 19.00.

Sandviken utan straum

SANDVIKEN: 4800 kundar var utan straum grunna lynnedslag i Sandviken. 3200 av desse kundane må rekne med å vera straumlause heile natta.

Foto: Adalheidur Oldeide

– Me har fått redusert mengda betydeleg, men i kveld har det tatt av igjen. Me har fått eit nytt problem i Sandviken etter eit lynnedslag, og store delar av Sandviken er straumlause, seier han.

Måndag kveld er framleis 1000 kundar straumlause i Hordaland.

– På Ågotnes er vel 900 kundar utan straum i augneblinken, så det er der det er størst utfordring akkurat no, seier Jarle Hodne, kommunikasjonsrådgjevar i BKK klokka 21.30 måndag.

– Rundt 1000 husstandar er utan straum i fylket, så det har gått riktig veg. Fana-området er hardast ramma, seier Jarle Hodne, klokka 23.19.

Tre sperra turvegen

For dei som hadde tenkt seg ut på tur etter ekstremværet Nina, har det vore visse utfordringar. Fleire tre sperra turvegen.

  • Sjå video frå Fløyen i Bergen:
    Mange tre velta i byfjella under ekstremværet "Nina". Her frå Tippetue på Fløyen i Bergen.

    SJÅ VIDEO: Det var ekstra utfordrande for turgåarar i fjella i Bergen etter ekstremværet «Nina». Foto/redigering: Espen Hobbesland.

På ei 50 meter lang strekning på turstien Tippetue på Fløyen, hadde svært mange tre velta.

  • Sjå Tippetue sekund for sekund:
    Fleire tre har velta over turveien

    SJÅ VIDEO: Mange tre har velta på ei vel 50 meter lang strekning på turstien Tippetue på Fløyen. Foto/redigering: Espen Hobbesland.