Hopp til innhold

Enorm makrellvekst på få år: – Ei utruleg utvikling

KORSFJORDEN (NRK): Bestanden på norsk makrell har gått frå to til fire millionar tonn på ti år. Men forskarar veit lite om kva det betyr for andre i havet.

Makrell

EKSPLODERT: Makrellbestanden er dobla utanfor Noreg dei siste ti åra.

Foto: Berge Myrene / NRK

Eit stort internasjonalt forskarteam dreg no på tokt til Norskehavet for å finna ut kva makrellen gjer med resten av havet.

– Det er denne som er hovudfokuset på toktet. Her har me ein sprell levande makrell. Det er ein liten torpedo!

Leif Nøttestad er bestandsansvarleg for makrell ved Havforskingsinstituttet, og viser fram ein makrell om bord på «Kings Bay». Det norske fiskefartøyet skal no saman med trålaren «Vendla» på tokt i Norskehavet.

Fem skip frå Noreg, Island, Grønland og Færøyane skal tråla havet etter sild, kolmule og makrell. Tråltoktet har tiårsjubileum i år, og sidan første tokt har makrellbestanden eksplodert.

– Han har hatt ei utruleg utvikling dei siste ti åra. Bestanden er meir enn dobla frå om lag 2 millionar tonn til langt over 4 millionar tonn. Beiteområdet er blitt tre-fire gonger så stort, frå om lag 1 million kvadratkilometer til meir enn 3 millionar kvadratkilometer.

Det kan blant anna bety dårleg nytt for sildebestanden, noko havforskarane lenge har vore uroa for.

Leif Nøttestad

ENTUSIASTISK: Leif Nøttestad ved Havforskingsinstituttet viser entusiastisk fram makrell.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Kan vera problematisk

Målet med det månad-lange toktet er å anslå størrelsen på bestandane, sånn at havforskarane kan gi råd om kor mykje det er berekraftig å fiska.

Leif Nøttestad fortel at dei skal finna ut meir nøyaktig kor mykje makrell det er i havet, og korleis veksten blir i framtida. Dette endrar seg heile tida, og difor må dei måla bestandane kvart år.

Når bestandane blir så store vil makrellen stadig søka nye beiteområde. Makrellen føretrekker raudåte, ein type hoppekreps, men han har ein brei diett.

Det er stor konkurranse om føda i havet, og når det er såpass mange makrell kan dei trua andre artar.

– Viss ein er yngel, er makrellen ein fiende. Er ein sild er han konkurrent, men han er kjempebra for kval, torsk, sei og delfin som et han. Makrellen er midt i næringskjeda, og er veldig viktig for økosystemet, seier Nøttestad.

Han fortel at ein førebels ikkje ser nokon stor effekt av at makrellen et sildeyngel, men at dette er noko dei treng å forska meir på.

Makrellfiske

HISTORISK TAL: Ein fiskebåt på jakt etter makrell i Nordland. Dei siste åra har dei hatt historisk godt fiske.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Glad for stor bestand

– Alle skal ha mat, og makrellen et 24 timar i døgnet, seier leiar i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen.

Han ser at det kan vera ulemper ved å få ein så stor vekst hos ein spesifikk art, men han er glad for at makrellbestanden har blitt så stor som han er.

– Det er ein fisk som gir pengar i kassa til våre fiskarar og industrien på land. Me håper og trur at det skal vera ei stor bestand i framtida også. Det har stor tyding for mange.

  • Lær meir om korleis toktet føregår: