Hopp til innhold

Enoksen trur på reinse-støtte

Olje og energiminister Odd Roger Enoksen er ikkje i tvil om at regjeringa vil få godkjent si støtte til CO2-reinsinga av gasskraftverket på Mongstad.

Odd Roger Enoksen
Foto: Jarl Fr. Erichsen, Erichsen, Jarl Fr.

Regjeringa si støtte til CO2-reinsinga av gasskraftverket på Mongstad må vurderast av EFTA sitt overvakingsorgan ESA før avtalen kan bli sett i verk.

Kan vera ulovleg

Regjeringen si støtte til CO2-rensinga på Mongstad i Hordaland kan vera ulovleg. Regjeringen ikkje har tatt omsyn til EØS-regelverket i planane.

EFTAs overvåkingsorgan ESA skal undersøkja om avtalen inneber ulovleg statsstøtte. Granskinga kan ta inntil 18 månader, skriv Aftenposten.

Skal vurdera

ESA seier at dei vil sjå nærare på avtalen med Statoil.

- Slik dei informerte oss, så ser det ut som det her ligg i avtalen at den norske stat må inn med eit støttebeløp, og då må me sjå korvidt det er i samsvar med EØS-avtalen sitt statsstøtte-regelverk eller ikkje, seier president i ESA Bjørn T. Grydeland.

Rettar seg etter reglar

Om kort tid skal olje- og energiminister Odd Roger Enoksen i møte med ESA, og han er positiv.  

- Me har hatt knapp tidsfrist på å få avtalen på plass og me har tatt alle nødvendige forbehold i avtalen om at dette skal vere i tråd med ESA sitt statsstøtte-regelverk og det skal me sjølvsagt rette oss etter.

- Reinseanlegget skal på plass

Korleis er sjansane for reinseanlegg dersom avtalen blir sagt opp?

- Avtalen skal ikkje seiast opp, dette reinseanlegget skal på plass, det er eg ikkje uroa for, avsluttar Enoksen.