Hopp til innhold

Ber Elkem vente

Energiminister Odd Roger Enoksen vil fyrst til hausten leggje fram eit forslag som kan redda Elkem i Ålvik.

Odd Roger Enoksen
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Regjeringa er passive til utfordringane til den kraftkrevjande industrien.

Det meiner Torbjørn Hansen som sit i Næringskomiteen på Stortinget for Høgre.

Torbjørn Hansen
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

I går vart det klart at smelteverket Bjølvefossen i Ålvik kan mista 120 arbeidsplassar i august, og at heile produksjonen kan verta stoppa i 2010.

- Gløymde løfter

Hansen meiner regjeringa sitt og ser på at arbeidsplassane i Ålvik forsvinn.

- No har jo Arbeidarpartiet lova lågare kraftprisar til kraftkrevjande industri under valkampen. Det løftet burde dei ha oppfylt snarast mogleg, men dessverre blei gløymd, seier Torbjørn Hansen.

I går vart det klart at smelteverket Bjølvefossen i Ålvik kan mista 120 tilsette i august, og måtta stenga dørene for godt i 2010. Årsaka Elkem oppgjer er først og fremst høge straumprisar. Og Torbjørn Hansen i Høgre meiner altså at regjeringa ikkje gjer nok.

- Krevjande arbeid

Men Olje- og Energiminister Odd Roger Enoksen tilbakeviser at regjeringa ikkje prøver å hjelpe den kraftkrevjande industrien.

Han vil i løpet av hausten legge fram regjeringa sine tiltak for korleis industrien kan få rimelegare straum.

- Dette er eit krevjande arbeid for ordninga vi etablerer må vere lovlig i forhold til EØS-avtalen. Når vi nå i løpet av nokon få månadar har jobba med denne saka har vi ikkje fått mykje hjelp frå den førre regjeringa, seier Odd Roger Enoksen.

Men før den tid kan 120 personar ha mista jobben i Ålvik, og mange i Hardanger kryssar fingrane for at regjeringa handlar fort. Enoksen ber Elkemleiinga vente med å ta avgjerda til utpå hausten.

- Kan vere for seint

Arbeidarparti - ordførar i Kvam, Astrid Selsvoll, som også er tilsett ved Bjølvefossen, fryktar at regjeringa ikkje kjem i mål før det er for seint. I alle fall for Ålvik-samfunnet...

- Det kan kome for seint for at me får ein positiv avgjerd for Ålvik-samfunnet, seier Selsvoll.