NRK Meny
Normal

Engstelege foreldre heldt skuleborn heime

Åtte elevar på Opedal skule på Lofthus heldt seg heime i dag på grunn av rasfaren på riksveg 13. No blir det sett inn båtskyss.

Heime på grunn av rasfarleg veg på rv 13

HEIME FRÅ SKULEN: Seks familiar valte onsdag å halda til saman åtte born heime frå skulen, blant anna Siv Tanja Kvalnes på Espe i Ullensvang. Her puslar ho puslespel med dottera.

Foto: Tale Hauso

Seks familiar valte onsdag å halda til saman åtte born heime frå skulen, etter at eit ras tirsdag kveld stengde vegen ved Deildo sør for Lofthus.

Siv Tanja Kvalnes

UROA: Siv Tanja Kvalnes seier foreldra i Sekse-krinsen er uroa for å senda ungane forbi den rasutsatte strekninga.

Foto: Tale Hauso

Dei kjende seg utrygge sjølv om Statens Vegvesen opna vegen mellom klokka 05.00 og 08.30.

Det pågår for tida omfattande rassikringsarbeid ved Deildo-elva, og med dei store nedbørsmengdene den siste tida, meiner mange at området er enno meir ustabilt i samband med sikringsarbeidet.

– Egentlig skulle Aurora vore på skulen i dag, men vi heldt ho heime. Vi tok den vurderinga allereie i går kveld om at veien ikkje er trygg nok til å sende ho på skulen, seier Siv Tanja Kvalnes på Espe i Ullensvang.

Les: 30 elevar passerte like før rasfare stengde vegen

Bekymringsmelding

Til vanleg passerer 38 elevar den rasfarlege staden til og frå skulen, men denne dagen var det berre 30 born frå bygdene sør i Ullensvang som kom på barneskulen på Lofthus.

Terje Nesse

TRYGG: Terje Nesse seier vegen forbi rasstaden er trygg, men at dei må ta uroa til foreldra på alvor.

Foto: Tale Hauso

– Dette er ei felles uromelding frå oss foreldre i Sekse-krinsen. Vegen til skulane er så farefull og stygg no at vi er bekymra. Fleire av oss heldt ungane våre heime i dag, sier Kvalnes.

Ho seier dei håpar kommunen tek dette på alvor og finn ein alternativ måte å få ungane forbi rasstaden på, til dømes med båt.

– Eg har tenkt fleire ettermiddager når ungane kjem heim frå skulen at heldigvis gjekk det bra i dag óg. Skal me verkeleg stola på flaksen vår fram til vegen er ferdig?, spør ho.

– Vegen er trygg

Vegen vart opna for trafikk klokka 05 onsdag, men klokka 08.30 vart vegen nok ein gong stengd grunna rasfare. I mellomtida hadde 30 skuleborn passert på veg til Opedal skule på Lofthus.

Statens vegvesen meiner likevel vegen er trygg no.

– Entreprenøren har vore oppe i fjellsida og reinska bort massar slik at det ikkje skal rasa ned på veien, seier Terje Nesse i Statens vegvesen.

– Kva tenkjer du om at foreldre har halde barna heime i dag?

– Det går på tryggleikskjennsla til kvar enkelt. Den kan vi ikkje styra. Det er forståeleg at dei er redde for å sende små ungar frå seg, men vi vurderer vegen som trygg. Vi skal likevel ta på alvor at folk føler seg utrygge, seier han.

Vegstenging på Rv 13 ved Deildo

ELEVAR SLAPP FORBI: Skulebussen passerte i den korte perioden før rasfaren gjorde at Statens vegvesen igjen stengde riksveg 13.

Foto: Tale Hauso / NRK

Tar det på alvor

– Eg forstår godt at foreldra er redde og uroa for borna sine. Det tek vi på største alvor, seier ordførar Solfrid Borge i Ullensvang herad.

Ho seier heradet må lytta til Statens vegvesen og entreprenøren når dei seier det er trygt å sleppa skulebussen forbi området.

– Men no har det vore store nedbørsmengder og det kjem småstein ned på vegen heile tida. Då må vi vurdera kva vi kan gjera. Derfor set vi inn båtskyss frå i morgon tidleg, seier Borge.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.