Vanlegvis er bystyredirektøren ein mann som stort sett går stille i dørene. Sjeldan skapar han overskrifter.
Men i denne saka er bystyredirektør Roar Kristiansen sjeldan krass.
– Om ein skal ha ein reell prosess i bystyret etter at byrådet har lagt fram sitt budsjettframlegg, så må det føre til endringar i budsjettet. Det har ikkje skjedde dei siste tre til fire åra, seier Kristiansen.
Marginale endringar
Ei gjennomgang bystyredirektøren har gjort av budsjettet i Bergen frå i fjor syner dette resultatet:
- Budsjettet som bystyret vedtok var, bortsett frå marginale endringar og supplerande merknader, identisk med budsjettet byrådet hadde lagt fram.
- Den politiske handsaminga i bystyret førte til endringar av driftsbudsjettet på totalt 4,8 millionar kroner.
- Sett i forhold til eit totalt driftsbudsjett på 14,29 milliardar kroner utgjorde det 0,03 prosent.
Merknad: Då denne saka vart publisert vart det ved ein feil oppgitt at endringa i budsjettet berre var på 0,0003 prosent. Det var dette talet som vart oppgitt i saksutgreiinga frå Bystyredirektøren i Bergen. Kontrollrekning viser at det rette sjølvsagt skal vera 0,03 prosent. NRK beklager feilen.
Bystyredirektøren meiner dei folkevalde i bystyret brukar for liten tid på budsjettarbeidet og at måten ein stemmer på i bystyret gjer det vanskeleg å gjera reelle endringar.
I Oslo, som akkurat som Bergen er parlamentarisk styrt, har ein tradisjon for å flytta på langt større summar. I Bergen stemmer ein på budsjettet i 37 ulike delar, i Oslo på 131.
– Det syner at bystyret i realiteten har liten innflytelse på dei prioriteringane som vert gjort, seier Roar Kristiansen til NRK.
– Om ikkje det hadde vore for at lova krev det kunne ein nesten latt vere å handsame budsjettet i bystyret.
– Heilt naturleg
Ove Sverre Bjørdal frå Senterpartiet er einig i at budsjettprosessen i ei årrekkje har minna om ein skinnprosess.
– Det er jo fånyttes for alle som ønsker å kome til bystyret for å påverke budsjettprosessen. Korta er alt delt ut og lagt av byrådet.
Rune Bakervik er gruppeleiar for Arbeidarpartiet, som saman med dei andre byrådspartia Venstre og Kristeleg folkeparti har fleirtal i bystyret.
– Eg er ikkje med på påstanden om at budsjettprosessen i bystyret ikkje er reell. Det er vårt byråd som legg fram budsjettet. Det speglar den politikken som vi står for.
– I Bergen debatterer vi budsjettet i bystyret sine organ. Så er det opp til kvart parti og kvar representant å gripe tak i ting i debatten.
Større budsjettendringar i Oslo
Bystyredirektøren ber bergenspolitikarane sjå mot hovudstaden.
– Vi har foreslått at ein legg seg litt nærare den måten som ein handsamar budsjettet på der. Samstundes bør ein gå litt tyngre inn i dei enkelte budsjettområda, seier Roar Kristiansen.
I Bergen er ein no i gang med ei ny budsjettprosess. Eit utal organisasjonar, etatsleiarar og brukarar av tenester prøver å overtyda bystyrepolitikarane.
– Her får vi innspel frå ulike lag og organisasjonar på kva dei meiner er bra med budsjettet og kva dei meiner kan gjerast betre, seier Rune Bakervik i Arbeidarpartiet.
– Kjem de til å flytte på meir enn 0.03 prosent av budsjettet i år?
– Det står att å sjå når vi kjem til det endelege budsjettmøtet 19. desember.