Hopp til innhold

Denne vegstubben har dei venta lenge på

Dei fekk den einaste vegen inn til bygdene sine skylt på fjorden. Etter 14 veker er den endeleg klar til bruk igjen.

Nye Toskedalsvegen

NY: Endeleg kan personbilar ta seg over den nye Toskedalsvegen i Vaksdal kommune. Innbyggjarane har vore nøydde til å ha ein bil på kvar side av vegen i fleire månadar.

Foto: Sigmund Simmenes

– Me har hatt lomma full av bilnøklar i lang tid no, seier Jostein Grøsvik til NRK.

Han tykkjer det er stor stas at Toskedalsvegen inn til dei tre bygdene Grøsvik, Gammersvik og Toskedalen endeleg er ferdig utbetra og står klar til bruk. I dag kunne dei første personbilane ta i bruk den nye vegen.

– Me har hatt ein bil på kvar side av vegen, og vorte vande med ein uvane. Så dette er veldig gledeleg, fortel Grøsvik.

Skylte vegen på fjorden

Arbeid med ny Toskedalsvegen

ARBEID: Det har tatt nokre månadar å bygga ny veg. Kostnadane har totalt blitt på kring 3,5 millionar kroner.

Foto: Vaksdal kommune

Det var seint på kvelden 18. februar at eit jordskred skylte meg seg store delar av Toskedalsvegen ved Gammersvik og gjorde det livsfarleg å ta seg forbi med bil.

Raset isolerte dei 17 innbyggjarane i dei tre bygdene.

Sidan februar har entreprenørar først reinska og sikra fjell på staden, før det er bygd ny veg. Ifølge Vaksdal kommune har kostnadane på alt arbeid blitt på totalt 3,5 millionar kroner.

Sjå korleis kvardagen har vore for innbyggjarane medan vegen har vore under utbetring:

Post levering inn til Toskedal

Nøgde

Det står att framleis noko arbeid før ein kan sei seg heilt ferdig. På grunn av stengt E16 har levering av betong til støypekantar blitt forseinka.

Jostein Grøsvik tykkjer vegen uansett er blitt riktig så flott.

– Eg fekk køyra over i ettermiddag. Det såg veldig bra ut.

Vaksdal kommune takkar på sine nettsider bebuarar og hyttefolk for godt samarbeid og tolmod i den tida vegen har vore stengt.

Rassted Gammersvik, Osterøy

SIKRING: Vegen forsvann på fjorden. Klatrarar jobba med reinsking og sikring før arbeidet med sjølve vegen vart påbegynt.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK