Det er venta kring 11.000 tilskodarar når eliteserien endeleg er tilbake på Brann Stadion i kveld. Etter 2–2 borte mot Strømsgodset i serieopninga førre helg, er det fleire som håpar på eit godt resultat heime mot Odd.
Kampen byrjar klokka 18.00 og du kan høyre den direkte i spelaren like under.
NRK sender alle kampane til Brann direkte denne våren, og det er reporter Per Vidar Raunholm som er på plass på stadion i kveld for å kommentera kampen for 4-4-2 Radiosporten:
– Odd er Noregs beste lag
Forventningane til nyopprykka Brann er nok meir nøkterne enn på mange år. Men godt lagarbeid, løpskraft og trykk i duellane mot Godset førre helg, viser at det bur meir i årets Brann-lag enn det mange kanskje forventa på førehand.
Brann-trenar Lars Arne Nilsen vil likevel minne fansen på kva som ventar på andre sida av midtstreken i kveld.
– Vi møter eitt av Noregs beste lag, dei er heilt klart ein av gullfavorittane, seier Nilsen til klubben sine eigne nettsider.
Nilsen, som leiar Brann i ein eliteseriekamp på Stadion for første gang i dag, har likevel ein idé om korleis raudtrøyene skal stå i mot Odd-trenar Dag-Eilev Fagermos menn.
– Vi er på heimebane og håpar på fulle tribunar no som vi er tilbake i eliteserien. Som nyopprykka treng vi all den støtta vi kan få som underdogs.
Huseklepp klar
Brann-angripar Erik Huseklepp var svært toneangivande i serieopninga mot Strømsgodset.
Først sørga han for den viktige reduseringa med ein flott skåring før pause, før han i andre omgang plasserte ballen på hovudet til Jakob Orlov som sette inn 2–2.
Men Huseklepp fekk seg ein smell i kneet på onsdagens trening, og måtte gjennom ein test i dag. Han har fått tommelen opp og startar kampen.
Her er startellevaren til Brann:
Leciejewski - Nouri, Demidov, Acosta, Kristiansen - Haugen, Heltne Nilsen, Barmen - Braaten, Hvilsom og Huseklepp.
Her er Brann-troppen til dagens kamp:
Alex Horwath, Piotr Leciejewski, Jonas Grønner, Vadim Demidov, Bismar Acosta, Ruben Kristiansen, Dani Hatakka, Amin Nouri, Fredrik Haugen, Remi Johansen, Sivert Heltne Nilsen, Kristoffer Barmen, Steffen Lie Skålevik, Erik Huseklepp, Azar Karadas, Deyver Vega, Mads Hvilsom og Daniel Braaten.