Hopp til innhold

Emir (11) fekk brev frå Obama

I fjor flytta Emir Frantzen al Hariri og familen til USA. Fleire nyhende om skyteepisodar gjekk sterkt inn på 11-åringen, og gjorde han bekymra. Til slutt bestemte han seg for å skrive eit brev til president Barack Obama.

Emir Frantzen al Hariri

VIKTIG SAK: Emir Frantzen al Hariri frå Bergen bekymra seg over gjentatte skyteepisodar i nyhendene. Til slutt bestemte han seg å for å skrive til presidenten om saka.

Foto: Privat

Emir Frantzen al Hariri fekk brev frå Obama

SKAL RAMME INN: No skal Emir saman med mor, Yasemin og minstebror Dani ramme inn brevet frå Obama.

Foto: Privat
Emir Frantzen al Hariri sitt brev frå Obama

OBAMA-BREV: Denne veka fekk 11-åringen svar frå presidenten.

Foto: Privat
Emir sitt brev fra Obama

SIGNERT: Emir trudde eigentleg ikkje han kom til å få svar, og fortel at han blei både overraska og glad.

Foto: Privat

Familen frå Bergen har budd i Ellicott City i Maryland det siste året. Før dette har dei også budd i Storbritannia, Saudi Arabia og Bahrain.

– Då vi kom til USA gjekk alle nyhendene om skyteepisodar på skular og andre stadar sterkt inn på han, fortel mor til Emir, Yasemin Frantzen.

Bekymra over skyteepisodar

I januar i år var det ein episode som spesielt traff 11-åringen. Ein 19-åring gjekk inn på kjøpesenteret Mall in Columbia, som ikkje ligg langt i frå heimstaden til familien i Maryland, og skaut og drepte to tilsette. Han skadde også fem andre, før han tok sitt eige liv.

I tillegg har også fleire skyteepisodar på amerikanske skular vore noko som 11-åringen har tenkt mykje på.

Då klassen hans nokre månedar seinare fekk i oppgåve å skrive eit brev til ein berømt person var valet lett for Emir.

Vil ha strengare våpenkontroll

Han valde å skrive til Barack Obama og fortelje om sine bekymringar for alle skyteepisodane.

– Eg skreiv at eg synest det er forferdeleg, og at det ikkje bør vere så lett å få tak i eit våpen. Eg fortalde også at eg var frå Norge, der det er streng kontroll på kven som har våpen, og foreslo at kanskje også USA kunne vere litt strengare når det gjeld våpen, fortel Emir.

Sjølv om Emir håpte at brevet kunne utgjere ein liten forskjell, hadde han ikkje så store forhåpningar om at Obama ein gong ville sjå brevet.

– Eg trudde eigentleg ikkje eg kom til å få svar. Men denne veka så dukka det opp eit brev på skulen, fortel 11-åringen.

Vurderer å sende fleire brev

I brevet skriv Obama at han beundrar motet til Emir for å ta til orde og vise si bekymring for den viktige saka. Han lovar også å arbeide for å halde amerikanske klasserom trygge.

– Eg blei utruleg glad då eg fekk svar. Like glad som når eg har burdag. No skal vi kjøpe ramme og henge opp brevet på veggen. Eg likar Obama godt, og synest han har gjort bra ting for USA, fortel Emir.

No vurderer Emir å sende fleire brev til andre om saka. Men sjølv har han ikkje tenkt å gå inn for ei politisk karriere.

– Eg vil blir profesjonell fotballspelar når eg blir stor, fortel Emir.