Hopp til innhold

Embla (5) får ikkje gå på same skule som broren – no flyttar familien frå Bergen

BERGEN (NRK): Ei rekke barneskular i byen er overfylte. Derfor nektar kommunen Embla Antonie Hope (5) å byrja på sin næraste skule. Familien føler seg tvinga ut av byen.

Embla Antonie Hope saman med mor Ingebjørg Aadland Olsnes

KLAR FOR SKULEN: Frå hausten av er Embla Antonie Hope (5) fersk skuleelev. Men ho får ikkje gå på sin næraste skule, slik ho har lovfesta krav på, fordi den er full.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

– Ein har jo lyst til å gå på skule med vener, og Embla har gleda seg til å gå på same skule som både broren og dei ho har gått med i barnehagen, seier Ingebjørg Aadland Olsnes.

Ho er mor til fem år gamle Embla. Planen var at jenta etter sommaren skulle starta på Kronstad skole i Bergen, der storebroren går.

Men her, som på fleire andre skular i Bergen, er kapasiteten sprengd.

Emilie Antonie Hope saman med mor Ingebjørg Aadland Olsnes

FLYTTAR FRÅ BYEN: Ingebjørg Aadland Olsnes tek med seg dottera og restan av familien, og flyttar til Samnanger. – Me lyt finna ei anna løysing. Me har blitt tvunge til å flytta.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Fullt på skulane

For fire år sidan skreiv NRK om at skulekapasiteten i Årstad bydel i Bergen ifølge prognosane kom til å bli sprengd innan 2020.

Allereie i 2019 er over 10 skular i Bergen overfylte. For Embla og broren får det dramatiske følgjer.

– Me har kome i ein situasjon der me no har fått to av borna våre på to ulike skular. I tillegg skal me levera born i barnehage, og me sjølve skal på jobb. Logistikken går ikkje opp, seier mora.

Familien flyttar no til nabokommunen Samnanger, 45 minutts køyring unna, for at dei to søskena skal få gå på same skule.

– Me lyt finna ei anna løysing. Me har blitt tvinga til å flytta.

Brot på opplæringslova

Alle born i grunnskulen har ifølge opplæringslova rett til å gå på nærskulen sin. Foreldra til Embla klaga difor til Fylkesmannen i Vestland.

Også Fylkesmannen konstaterer at det rett og slett er fullt på den næraste skulen til femåringen, og då «blir nærskolen ein annen skole, som igjen går utover Embla», heiter det i det endelege avslaget.

Der kjem også Fylkesmannen med kritikk til Bergen kommune, og skriv at det «er svært uheldig at kommunens forskrift [ ...] ikke ivaretar den lovfestede regelen om at hun har rett til å gå på den skolen som ligger nærmest.»f

Emilie Antonie Hope leikar på Kronstad skole

KAPASITETEN SPRENGD: Kronstad skole i Bergen er ein av fleire skular som rett og slett ikkje har plass lenger.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Nye skular på veg

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) forstår at familien har hamna i ein vanskeleg situasjon.

– Det er ikkje greitt. Eg forstår veldig godt at dei ønsker å gå på same skole, vedgår byrådsleiaren.

Valhammer påpeker at syskena har mogleigheit til å gå på same skule i sin skulekrets. Det ville likevel medføre at bror til Embla måtte ha bytta skule om dei skulle gå saman.

Han tek sjølvkritikk på vegner av kommunen på at kapasiteten på skulane i Bergen ikkje er utvida, trass i åtvaringane for fire år sidan.

– Det burde vore gjort mykje før. Det er eg samd i. Me har hatt eit massivt vedlikehaldsetterslep som me må ta igjen, i tillegg til å bygga nye skular.

Men han meiner byrådet er komne godt i gang sidan dei overtok makta for fire år sidan. Valhammer viser til at Slettebakken skole blir utvida denne hausten og Haukeland skole i 2020, og at kommunen har kjøpt tomt for ny skule på Mindemyren.

– Også Kronstad skole byggjer me ut. Den vil auka frå 200 til 300 plassar i 2022.

Det blir for seint for fem år gamle Embla. Familien er oppgitt.

– Det er jo skremmande at dei bryt krava i opplæringslova om nærleiksprinsippet og søskenprioritet. Dei tar ikkje omsyn til at ein skal få gå på skule i nærmiljøet ein har vore i, avsluttar Ingebjørg Aadland Olsnes.

Roger Valhammer

BEKLAGAR: Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i Bergen.

Foto: NRK