NRK Meny
Normal

Arnhild Bleie har ein sjeldan hagevenn

Arnhild Bleie har flytta tilbake til fruktgarden i Hardanger der ho vaks opp. Der har ho fått realisert hagedraumen, og har fått seg ein spesiell hagevenn som dukkar opp rett som det er.

Created by InfoDispatcher

Arnhild Bleie flytte til heimgarden nedanfor Folgefonna i 1984. Då var området ved lite egna til fruktdyrking. Med ei stor elv som renn ned frå fonna, og mykje kald trekk, så trivst ikkje epletrea. Men, no har Arnhild Bleie realisert hagedraumen sin.

– Både kamera, og bytte med hagereiskapar når du skal ut i hagen er vel ikkje alle som driv og drar med seg, seier ho.

Ho meiner at det alltid kan vere eit eller anna å ta bilete av, og difor er kamera med, og dei to kattane Bella og Male held ho ofte med selskap i hagen.

– Eg går rundt og ladar opp, nyt synet, nyt naturopplevingane.

Artikkelen fortset under bilete.

Elvablomen villhage

Arnhild har huset sitt rett ved elva. Bit for bit har ho gjort om terrenget til noko som ho kallar Elvablomen villhage.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Ein kvit juvel

Arnhild Bleie

Arnhild Bleie kjem i programmet Grønn Glede og viser fram Elvablomen villhage i Nå i Hardanger.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Først i 1999 sto Arnhild i kjøkenglaset og såg på elva, og planla hagen sin. Det spesielle klimaet attmed elva gjer at det ikkje er alle plantar som går å ha der, men Arnhild meiner elva er meir eit pluss enn eit minus.

– Når ikkje du har så masse fine planter i ein periode, så har du ei levande elv, og vatn det er fint å leva med, høyra på og sjå på, seier ho.

Ofte kan Arnhild sitje i si eiga verd, og berre høyre elva suse forbi.

– Du kan vere heilt tankelaus. Resten av verda er på ein måte ute, du høyrer i hvertfall ikkje andre lydar fordi at elva stel all lyd. Eg seier at har du nokre vonde tankar så kan du berre hive dei på elva så fær dei ut i verden.

– Prøve og feile

Arnhild har mykje ugras å ta av, men ho har funne seg ei genial plante. Ho har nemleg 80 ulike slag Hosta.

– Den passar godt i det mikroklimaet som er langsmed elva her som er litt skuggefullt. Difor har eg hosta, seier ho.

Hosta er lite kravfull, og er ein veldig god botndekkar utover hausten. Den bryt seint og han tillet vårblomane å spela hovudrolla om våren. Arnhild har klart å halde ville og tamme planter i ein flott harmoni.

– Det er jo heile opplegget med hagen kanskje, litt prøve og feile, seier Arnhild.

Ho får fram blant anna blå valmuesøster i hagen sin.

– Det er ein flott blomst, seier ho.

Artikkelen fortset under biletet.

Elvablomen villhage

Arnhild har huset sitt rett ved elva. Bit for bit har ho gjort om terrenget til noko som ho kallar Elvablomen villhage.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ein sjeldan hageven

Fossekallen

Fossekallen kjem att år etter år, og i år har han reir under fossen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Når det er lunsjtid sit Arnhild og kattane ofte under parasollen og ser ut på elva. På den spisse steinen midt i elva ved huset får nemleg Arnhild besøk titt og ofte. Ho har nemleg fått seg ein hageven.

– Det kan godt hende han sit i ein sprekk borti der og ser på oss, og ikkje vil koma ut, seier Arnhild.

Dersom Fossekallen ikkje fram no, men det er ikkje fordi den er redd for kattane til Arnhild. For med eit reir under fossen, er den trygg. Det er Arnhild glad for.

– Det er ikkje så mange som har fossekall i hagen sin. Det er heilt unikt, og veldig koseleg, seier ho.

Dersom den sjeldne hagevenen ikkje skulle vise seg, så nyt Arnhild utsikten likevel.

Inspirerer andre med hagebesøk

Elvablomen villhage

Det er nok ugras å ta seg av ved elva.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Arnhild vil så gjerne vise fram det ho ha fått til langsmed elva, og dele gleda. Difor har ho vorte besøkshage. Hjelmeland hagelag frå Rogaland er nokon av dei som har tatt turen til Arnhild.

– Det er litt kaldt, og litt regnfullt no når hagelaget er her, men det får våga seg, seier Arnhild.

Hagen inspirerer dei som er innom. Rolf Årsand tykkjer det er veldig interessant å sjå korleis Arnhild har det i Hardanger.

– Det er alltid spennande å sjå det som er annleis enn det ein har sjølv, seier han.

Han får medhald hjå Aud Vadla.

– Det er kjempekjekt. Du får mykje inspirasjon, og det er så kjekt å kome heim. Du får jo lyst til å gjere all slags i hagen, seier ho.

Og Arnhild likar å vise fram hagen.

– Hagen er så god for meg, og det er på ein måte så godt å få dele den gleda, seier Arnhild.

Sjå Grønn Glede tysdag 1.juli på NRK 1 kl.19.30.

Arnhild har huset sitt rett ved elva. Bit for bit har ho gjort om terrenget til noko som ho kallar elvablomen villhage.

Grønn Glede frå Elvablomen villhage

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo