NRK Meny
Normal

Ellevte brannen langs Bergensbanen på ei veke

I siste liten redda brannvesenet eit hus ved Bergensbanen frå flammane. Dette var ellevte brannen langs jernbanelina i Voss kommune på under ei veke.

Brannen vart sløkt ein meter frå husveggen

I SISTE LITEN: Brannvesenet fekk sløkt brannen like ved husveggen.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Like etter klokka 15 i dag melde brannvesenet om ein kraftig brann ved Saghaugen ved Evanger i Voss kommune.

– Brannen starta i ei skråning langs jernbanen, så me kan ikkje utelukka at ein gneiste frå eit tog kan ha starta brannen, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Dag Olav Sætre.

Elleve brannar på seks dagar

Onsdag 30. mai starta gneistar frå eit godstog ti brannar langs Bergensbanen i Voss kommune. No er ein av teoriane at det same kan ha skjedd i dag.

– Brannvesenet er på tå og hev på grunn av den store gras- og skogbrannfaren, fortel Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen i Hordaland.

Det er knusktørt i terrenget, og det skal svært lite til for at det skal byrja å brenna.

– Det var på nære nippet at me greidde å redda eit bustadhus frå brannen, seier Hartvigsen.

Det hadde teke fyr i ein hekk, ein meter frå husveggen, då brannvesenet fekk kontroll over flammane, og berga huset.

Skogbrann ved Bergensbanen

GRASBRANN: Brannvesenet frykta storbrann då det byrja å brenna i graset langs Bergensbanen tysdag.

Foto: Ingvild Siglen Berger / Avisa Hordaland

Brannvesenet var lenge redde for at dette skulle utvikla seg til ein skogbrann, og rykte ut med store mannsskapar både frå Vaksdal og frå Voss. Til saman sende dei to vasstankbilar, to mannskapsbilar og kommandobilar for å få stoppa flammane.

Til saman brann det på eit område på 110 x 50 meter.

Bane Nor har auka beredskapen

Den store skogbrannfaren har også fått Bane Nor til å auka beredskapen langs togskjenene, fortel Ragnhild Aagesen, som er mediekontakt for selskapet.

– Me er ekstra årvakne, og har auka beredskapen og fylgjer ekstra godt med. I tillegg har me ei vassvogn på Voss, seier ho.

I dag har denne vogna dynka område langs jernbanen, for å hindra at brannen skal blussa opp att.

Grasbrann ved Saghaug i Voss

KRAFTIG RØYK: Webkamera til Statens vegvesen har fanga opp grasbrannen i Voss kommune.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Brannen var så tett på toglina, at all togtrafikken vart stoppa.

Inntil vidare er det sett opp alternativ transport for alle som skulle ha passert Evanger med tog, seier Aagesen.

Mange brannbilar

– Det er mange brannbilar på plass, både frå Bergen og Voss, fortel Kathrine Nordanger Mjelde, som er reporter i Avisa Hordaland.

Ho fortel at det har brunne i eit stort område, langsetter sporet.

Ifylgje Mjelde kan verken politiet eller brannvesenet førebels seia noko om årsaka til at brannen starta.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.