Hopp til innhold

Elleve personar skadd av fyrverkeri i natt

Framleis dystre tal på skadestatistikken då 2019 vart til 2020 i Noreg. Ti menn og ein gut sende til sjukehus etter nyttårsfeiringa.

Øyeskade nyttårsaften 2019, Haukeland sjukehus. Fyrverkeri Bergen.

GØY, MEN FARLEG: Bergen kommune stilte med fyrverkerishow nyttårsaftan. Likevel er det mange som skyt opp privat og som tidlegare år er det nokon som skader seg.

Foto: HELSE BERGEN 8(t.v.)/ARNE FRANK SOLHEIM, NRK (t.h.)

Tal frå Augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, syner at også årets nyttårsfeiring har sendt festglade nordmenn på sjukehus.

Elleve personar har fått augeskadar av nyttårsfyrverkeri. Det er ti menn og ein gut som har fått skadane. Tala er samla inn frå sjukehus over heile landet.

– Fire av dei elleve er alvorleg skadde. Det vil seie at ein kan forventa betydeleg reduksjon av synet. Dei sju andre har augeskadar som er moderat alvorlege. Ingen av dei som er skada rapporterer å ha brukt vernebriller då ulukkene skjedde, seier augelege Nils Bull ved Haukeland universitetssjukehus.

Til samanlikning var det 16 personar i fjor som fekk augeskadar i feiringa inn mot 2019. Fem av dei var alvorlege.

Augelege Nils Bull, Haukeland Universitetssjukehus

VIL HA FORBOD: Augelege Nils Bull ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Mange oppdrag

Politiet landet over hadde det travelt nyttårsaftan. Men allereie dagen før rann det inn meldingar til politiet om ungdom som sendte fyrverkeri i retning mot andre personar.

I Bergen hadde politiet fleire slike oppdrag, både i Åsane, i Fana og i Fyllingsdalen. I Åsane vart to 14 år gamle gutar køyrd heim til foreldra sine. Ved Oasen kjøpesenter fekk politiet melding om at ungdommane skaut fyrverkeri på kvarandre.

Då patruljen kom til staden, la dei på sprang.

– Treff dei kvarandre med fyrverkeri, er det jo ikkje bra i det heile tatt, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til NRK nyttårsaftan.

Politipatrulje ved Oasen kjøpesenter i Fyllingsdalen, nyttårsaftan

MANGE OPPDRAG: Vest politidistrikt hadde mange oppdrag knytt til ungdom og bruk av fyrverkeri på nyttårsaftan. Her frå Oasen kjøpesenter i Fyllingsdalen, der det kom meldingar om at ungdom skaut på kvarandre med fyrverkeri.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Ulike ulukker

Ifølge Bull har truleg ein av dei skadde i år delteke i ein fyrverkerikamp. To andre har vore tilskodarar til rakettoppskyting.

Ein ti år gamal gut opplevde at ein rakett gjekk av rett framfor ansiktet, men unngjekk alvorleg skade av auga fordi han hadde vernebriller. Han er ikkje med i skadestatistikken.

– Alle dei alvorlege augeskadane og fire av dei moderat alvorlege skjedde ved bruk av effektbatteri. For tre av skadane har ein ikkje opplysningar om type fyrverkeri, seier Bull.

Han har i fleire år tatt til orde for eit totalforbod mot privat fyrverkeri. Sjølv om det er nedgang i talet på skader i år, ligg det på same nivå som øvrige år.

Sidan 2010 har talet på skadde kvart år vore på mellom 9 og 18.

Ulukkene i år har skjedd på ulikt vis. Eit batteri eksploderte umiddelbart da lunta vart tent, eit eksploderte under opprydding ein time etter tilsynelatande vellukka bruk.

To batteri har velta, medan ein av dei skadde lente seg over batteriet ved påtenning. Den siste gjekk attende da raketten ikkje kom etter første gangs påtenning.