Hopp til innhold

Vidaregåande skular i Bergen kallar inn til rusmøte: – Vi er uroa

Miljøterapeutar og politiet er uroa. No kallar vidaregåande skular inn foreldra til stormøte om rusbruken blant ungdom.

Elevrådsleiar ved Slåtthaug videregåande skule, Maria Louice Rosenlund

UROA: Maria Louice Rosenlund (19) er elevrådsleiar ved Slåtthaug videregående skole i Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK Hordaland

Dei store vidaregåande skulane Slåtthaug, Nordahl Grieg, Stend og Sandsli i Bergen sør kallar inn alle foreldra til elevar på vg1 til møte om rus.

Elevrådsleiar ved Slåtthaug videregående skole, Maria Louice Rosenlund, fortel at ho sjølv har vore på festar der ho har sett bruk av narkotiske stoff. Ifølgje elevrådsleiaren er det blitt normalt å ta desse stoffa, på lik linje med eit glas vin.

Fleire bruker stoff i kvardagen. Måten ein snakkar om narkotiske stoff på, har òg endra seg, seier elevrådsleiaren.

Miljøterapautane Jan Fredrik Oddekalv og Bjørn Madsen ved Slåtthaug og Nordahl Grieg videregående

ER UROA: Bjørn Madsen og Jan Fredrik Oddekalv er miljøterapeutar ved dei vidaregåande skulane Nordahl Grieg og Slåtthaug i Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Ho får støtte av miljøterapeutane Jan Fredrik Oddekalv og Bjørn Madsen ved Slåtthaug og Nordahl Grieg videregående skole.

– Foreldra treng meir kunnskap. Vi opplever at ungdom tar lettare på det, seier Oddekalv.

– Vi er uroa. Fleire elevar er bekymra for venene sine. Dei seier det vert brukt narkotika på festar dei er på. Samstundes opplever dei eit press frå vener og kjente for å prøve narkotika sjølve, seier Madsen.

Bruken av cannabis aukar blant ungdom fleire stader i landet, syner Ungdata-undersøkinga frå i fjor (ekstern lenkje).

Det er ei utvikling politiet i Bergen kjenner seg igjen i.

– Der det før var ungdommar som var i risikosonen av ulike årsaker, ser vi no at det i stadig større grad er heilt vanlege ungdom som ser ut til å vere tilbøyelege til å bruke ulovlege rusmiddel, seier politioverbetjent Øystein Samsonsen.

– Det er ungdommar som har mange venner, som har fritidstilbod og som er populære, men som likevel verkar å vere ukritiske til bruk av narkotika.

Politioverbetjent Øystein Samsonsen ved Bergen sør politistasjon

UTVIKLING: Politioverbetjent Øystein Samsonsen meiner ungdom har blitt meir ukritiske til ulovlege rusmiddel.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Bergen følgjer etter hovudstaden. I Oslo har hasjbruken blant ungdom gått opp frå 10 prosent til 17 prosent i løpet av tre år.

Forskarane bak Ung i Oslo-undersøkinga seier at dette skjer i heile byen, også blant ungdom frå ressurssterke familiar.

Haldningsendring

Også tidlegare har politiet åtvara om større aksept for rusbruk blant ungdom. I 2014 blei 27 skuleelevar arrestert i ein narkoaksjon på skular i Bergen.

No meiner Samsonsen at han ser ei haldningsendring også blant dei som ikkje nyttar ulovlege rusmiddel.

– Før hadde kanskje ungdommane ei intern førebygging seg imellom. No fortel mange at om dei har vener som nyttar narkotika så møter dei det med eit skuldertrekk. Tidlegare var ungdommane opptekne av å få venen eller venninna på andre tankar.