Hopp til innhold

Elevinspektør: – Verste russetida til no

Elevinspektør i Bergen seier han aldri har vore så uroleg for russen som i år. – Bruken av narkotika aukar, og no er også amfetamin og GHB kome inn i russemiljøet.

Russ og øl

NYE RUSMIDDEL: Både politi og lærarar i Bergen er skremt over utviklinga i narkotikabruken hjå russen. ILLUSTRASJONSBILDE.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Særleg dette med neddoping av andre er heilt nytt, i alle fall på våre kantar. Når me har fire tilfelle på same stad og på same kveld, er det veldig alvorleg, seier elevinspektør ved Sandsli vidaregåande skule, Stig Hammersland.

Tysdag skreiv NRK om at politiet i Bergen Sør måtte stenga av russen sin samlingsstad i Hordnesskogen, etter å ha mottatt meldingar om valdtekt og neddoping av fleire jenter i helga.

Ei av jentene skal ha blitt dopa ned og dumpa i ein container.

– Det var ikkje like ille i fjor. Me er uroa for ein del illegal rusing under samlingar, sa politioverbetjent Bente Liland i Bergen sør politistasjonsdistrikt til NRK tysdag.

– Når det gjeld haldningar til rusmiddel, russesangar og ekskludering er dette heilt klart den verste russetida eg har vore vitne til, seier Hammersland.

Stig Hammersland

MÅ TA TAK: Stig Hammersland er elevinspektør ved Sandsli vidaregåande skule. Han har samarbeida med fylket og politiet dei siste 12 åra for å organisera ei trygg russefeiring. No fryktar han at bruken av narkotika vil halda fram med å auka, om ikkje noko blir gjort.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Etterlyser betre førebygging

Organisasjonen Ungdom mot narkotika (UMN) ønsker konkrete tiltak som kan brukast både før og etter russetida.

– Skulen må erkjenna at dei spelar ei stor rolle i russetida og sørga for å auka kunnskapen om rus blant lærarane, seier Meena Golabek, leiar i UMN.

Dei er medlem i Actis, eit samarbeidsorgan innan rusfeltet som jobbar for å redusera skader ved narkotika- og alkoholbruk.

Actis saknar meir målretta innsats i risikoperiodar som russetida. Det er også Norsk narkotikapolitiforening einige i.

– Me veit at det kan oppstå subkulturar blant russen kor rus og bruk av narkotika blir romantisert. Dette bidreg til at sårbare ungdom gjerne hamnar i situasjonar der dei kan bli pressa til å eksperimentera med illegale rusmiddel, seier generalsekretær i Norsk narkotikapolitiforening, Lars Holmen.

– Kan bli for moraliserande

Hammersland er einig med Actis, men meiner det er vanskeleg å veta korleis ein kan påverka ungdommane i positivt retning.

– Me var tidleg ute med ein peikefinger før russetida starta, blant anna med eit lesarinnlegg i avisa.

Men elevar som inspektøren snakka med var redd dette kunne ha motsett effekt.

– Når ein går hardt ut og moraliserer er det fare for at enkelte vil utfordra grensene endå meir.

Lars Holmen

VIKTIG: Generalsekretær i Norsk narkotikapolitiforening, Lars Holmen, er einig i at ein bør gjera meir for å heva kunnskapen om narkotikabruk i skulane.

Foto: Sydnes Jacobsen/Stenersen / NRK

– Cannabis er blitt vanleg

I år er det svært tydeleg at grenser blir flytta, fortel Hammersland.

– Det var ein stor sak for to år sidan om omfattande bruk av cannabis hjå russen i Bergen. No seier elevane at dette finst over alt, og at det nye i år er amfetamin og GHB.

– Det er heilt utruleg at det har kome inn i dette miljøet her.

Han er tydeleg på at denne trenden ikkje kan halda fram.

– Noko må gjerast! Me må setta oss ned til hausten å sjå korleis russefeiringa i 2017 skal bli. Me kan ikkje ha det slik som dette.

Stengt parkeringsplass ved Hordnesskogen

STENGT AV: Denne samlingsstaden for russen ved Hordnesskogen i Fana vart stengt på tysdag grunna fleire alvorlege episodar kor dop var involvert.