Elevar pepra topp-politikar med grov hets

Leiande skolepolitikar trakassert på det grovaste av sinte elevar etter at skulen deira vart lagt ned. Saka kan hamne hjå politiet.

Emil Gadolin

HAR BLITT HETSA I FLEIRE VEKER: Leiaren av opplæringsutvalet i Hordaland, Emil Gadolin, har blitt pepra med svært grove meldingar under handsaminga av nedlegging av Fana gymnas. Karakteristikkar som «hore» og «tosk» har fylt opp innboksen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Etter massive protestar og høglydte demonstrasjonar, gjekk fylkestinget i Hordaland tysdag inn for å leggje ned Fana gymnas i Bergen. I vekene før har leiaren for opplæringsutvalet, Emil Gadolin (Ap), motteke ei rekkje hatefulle meldingar frå noverande og tidlegare elevar ved skulen. Det skjedde også samstundes med at saka blei diskutert i fylkestinget.

  • «Du er en sekk med drit»
  • «Din hore»
  • «Fjeset ditt ser j..... ødelagt ut, håper du blir påkjørt, din j ... rotte».

Etter at vedtaket var klart, held hetsen mot Gadolin fram via Facebook, SMS og på E-post:

  • «J ... homse»
  • «Du er en tosk»
  • «Hvordan kan du leve med deg selv».

LES OGSÅ: Gymnas-elever tar kraftig oppgjør med netthetserne

Fana-elevar protesterar mot nedlegging

PROTEST MOT NEDLEGGING: I valkampen lova Emil Gadolin (Ap) langt på veg at Ap skulle berga Fana gymnas, noko engasjerte elevar syner til her. Men no mottek 22-åringen så grov hets at fylket vurderer å kople inn politiet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Langt, langt over streken

Opplæringsdirektøren i fylkeskommunen meiner det skal vera takhøgd for politiske ytringar, men hetsen mot Gadolin går over alle grenser.

– Meldingane er veldig stygge, og ligg på grensa til trugsmål. Det er ønske om at det skal gå folk veldig ille, og det er langt, langt over streken, seier Svein Heggheim, som vurderer å melde hetsen til politiet.

Ap-politikaren har hatt det skulepolitiske toppvervet i eit par månader. Han stadfestar meldingane overfor NRK, men vil ikkje kommentere saka.

– Vi kan ikkje akseptere sjikane av einskildpersonar med til dels svært grov språkbruk, seier Heggheim, som kontakta Fana gymnas og bad rektor rydda opp.

Svein Heggheim

– PÅ GRENSA TIL TRUGSMÅL: Opplæringsdirektør Svein Heggheim i Hordaland fylkeskommune vurderer å melde hetsen av Gadolin til politiet.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Ber om orsaking på elevane sine vegne

Rektor Leif Sigurd Danielsen tek sterk avstand frå den grove hetsen

– Det er heilt uakseptabelt, og det er ikkje slik vi ønsker at elevane våre skal formidle meiningane sine på.

Etter ein samtalen opplæringsdirektøren la Danielsen ut ei melding på skulen si interne nettside der han skreiv at det er lov å vera skuffa over nedlegginga, men at det måtte skje i saklege og ordentlege former.

– I tillegg bad eg lærarane ta dette direkte opp med elevane, og det gjorde dei mot slutten av tysdagen, fortel Fana-rektoren, som bad opplæringsdirektøren gje vidare ei orsaking til dei råka.

ENGASJERTE: Elevane ved dei vidaregåande skulane i Fana, Laksevåg og på Garnes mobiliserte sterkt då skulane deira var nedleggingstruga tidlegare i haust.

– Aldri opplevd noko liknande

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) meiner meldingane partikollegaen hennar har fått er rein mobbing.

– Vi kan ikkje tillate at ungdommane våre som gjer ein iherdig, ærleg og god jobb skal bli utsett for noko slikt.

I valkampen lova Gadolin langt på veg at Ap skulle berga Fana gymnas. Hestetun meiner elevane går langt over grensa med slik hets.

– Eg har aldri opplevd noko liknande. Eg fekk ein gong ein paraply i ryggen på ei synfaring, men ikkje i nærleiken av dette.

Tom-Christer Nilsen (H) var ein del av mindretalet som ville berge gymnaset, og tek sterk avstand frå hetsen.

– Dette syns eg ingenting om. Ein går over grensa når ein karakteriserer ein person i staden for å diskutere saka.

Anne Gine Hestetun

– REIN MOBBING: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun reagerer på det ho meiner er mobbing frå elevar ved Fana gymnas.

Foto: Sølve Rydland