Hopp til innhold

Dette elevprosjektet skal seljast for 290.000 kroner

ÅRSTAD (NRK): Skuleelevane var leie av å bygga noko dei måtte riva. No skal eit minihus på 15 kvadratmeter seljast for fleire hundre tusen.

Minihusprosjekt

TØMRARAR: Helene Nilsen (t.v.) og Caroline Furnes har gått tømrarlinja på Laksevåg vgs. i Bergen. Saman med elevar frå to andre yrkesskular, har dei bygd eit minihus som no skal seljast på den private marknaden.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Elevane ved elektrofaglinja på Årstad vidaregåande skule i Bergen var leie av å måtta riva det dei bygde opp, og ville prøva noko nytt.

Valet fall på eit minihus, men yrkesskulen i Bergen mangla tømrarar og røyrleggjarar.

Difor kom medelevar ved andre yrkesskular inn i biletet.

– Det er jo litt spesielt sidan det nesten utelukkande er bygd av elevar, seier tømrarelev Caroline Furnes ved Laksevåg vgs.

Etter nesten to års arbeid er minihuset no lagt ut for sal.

– Det blir litt som å selja babyen vår, seier medelev Helene Nilsen.

Minihus

MINIHUS: Det totale bruksarealet er på 15 kvm. Primærrommet er på 13 kvm.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Bygd nesten utelukkande av elevar

Huset på 15 kvadratmeter er bygd nesten utelukkande av elevar ved tre vidaregåande skular i Bergen. Elevar på Årstad har stått for design, utforming og elektro, Åsane for røyrleggjararbeid og Laksevåg for tømrararbeidet.

Sjølv om det er smått, består huset av kjøken, bad, teknisk rom, sovehems og stove.

– Me såg at dette ville bli veldig god læring for elevane. Det var noko ekte, ikkje noko som skulle rivast og kastast igjen. Etter kvart innsåg me at me ikkje hadde tømrarar her på skulen, seier avdelingsleiar Arthur Tøsdal på Årstad vidaregåande skole.

Og slik blei det tverrfaglege samarbeidet til.

Tøsdal kontakta tømraravdelinga til Laksevåg vidaregåande skole som heiv seg med på prosjektet.

NRK er med når dei to tømrarelevane besøker minihuset ein siste gong før det skal seljast.

– Det er ikkje mange som har fått vore med på eit slikt prosjekt, seier Nilsen.

– Det er veldig stas, og så går det jo til ei god sak, seier Furnes.

Minihusprosjekt

STAS: Fleire titals elevar har vore med på prosjektet. Nilsen og Furnes synest det er stas å ha vore med på eit så stort prosjekt.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Overskotet går til Kirkens Bymisjon

Huset har kosta Årstad vgs. rundt 200.000 kroner, anslår Tøsdal. Over eit pizzalag med dei involverte lærarane og elevane blei det bestemt at overskotet frå salet skulle gå til Kirkens Bymisjon.

– Sjølv om me har fått gode prisar av bidragsytarar, så er det store kostnadar for oss. Og ved å selja huset får me dekka dei inn igjen, fastslår avdelingsleiaren.

Han håpar dei minst får prisantyding, som er sett til 290.000 kroner.

Proaktiv Eiendom står for salet. I det som er ein roleg meklarmånad, var det enkelt for dagleg leiar Kenneth Aadland å seia ja.

– Me driv med dette til vanleg, så det er kjekt å kunna vera med og sørga for at huset blir seld for ein så god pris som mogleg, seier Aadland, som rosar initiativet om ei pengegåve til Kirkens Bymisjon.

Minihus

ALLSIDIGE: Elevane har gjort alt ifrå snikringa til elektronikken.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Huset passar for alle

Først i januar er første vising. Håpet er at det blir med den eine visninga.

– Jo meir me får for det, jo meir går til velgjerd. Det er jo veldig fint, seier tømrarelev Nilsen.

Nilsen og Furnes meiner huset passar for alle, men kanskje spesielt studentar og yngre folk.

– Kvar ser de for dykk at huset står om eitt år?

– På ei fin vidde eller noko, seier Nilsen.

– På ein flott stad. Det må jo vera sjøutsikt, seier Furnes.