Hopp til innhold

Villmarksliv lokkar ungdomen - oljefaga mistar søkjarar

Rekordmange søkjer seg til friluftslivsfag ved ny skule på Voss, medan færre vel dei oljerelaterte faga. Sjå søkjartala for alle dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Naturbruk på Voss, vikafjellet

VILLMARKSLIV: Vg1-linja Naturbruk på Nye Voss Vidaregåande skule tilbyr fag innan landbruk, villmark og hest. Her er friluftslivklassen på vinterovernatting på Vikafjellet, januar 2016.

Foto: Voss jordbruksskule

– Vi har vore meir spente enn vanleg på søkjartala ut ifrå korleis arbeidsmarknaden har sett ut dei siste månadane, seier inntaksleiar Nils Skavhellen i Hordaland fylkeskommune.

Søknadsfristen til dei vidaregåande skulane i Hordaland gjekk ut 1. mars, og i dag vart prognosetala for 2016 offentleggjort.

Sjå heile oversikta over alle skulane i Hordaland i tabellen nedst i saka.

Frå 200 til 22 søkjarar

Oljerelaterte fag, som teknikk og industriell produksjon, merkar at det er dårlege tider i bransjen. Dei fått den største reduksjonen i søkjartala.

Bergen Maritime vidaregåande skole er den skulen i Hordaland som har fått størst nedgang i søkjartal med 156 færre elevar enn i fjor.

– Det er spesielt til utdanninga brønnteknikk vi har nedgang. I fjor søkte over 200 elevar til 30 plassar, medan det i år berre kom 22 søkjarar, seier Skavhellen.

Elevar ved Bergen Katedralskule

Bergen Katedralskole er ein av dei vidaregåande skulane som har størst auke i søkjartalet.

Foto: Morten Wanvik / Hordaland fylkeskommune

Mest populære

Amalie Skram vidaregåande skule er også i år den mest populære skulen i Hordaland, med 1787 søkjarar. Så følgjer Knarvik vidaregåande skule med 1203 og Nordahl Grieg vidaregåande skole med 1162 søkjarar.

Slåtthaug vidaregåande skole har hatt størst auke i talet på søkjarar med 152 fleire enn året før, medan Bergen Katedralskole aukar med 119 søkjarar.

– Det er ei veldig stor auke på Slåtthaug, og vi har ingen god forklaring for kvifor skulen har fått så stor auke i søknaden, seier Skavhellen.

Nils Skavhellen

Nils Skavhellen, inntaksleiar i Hordaland fylkeskommune.

Foto: Privat

Friluftslivet lokkar

Utanfor Bergen er Nye Voss vidaregåande skule mellom dei som opplever gode søkjartal.

– Naturbruk med friluftsliv og villmarksliv på Voss har fått eit enormt stort søknadstal i år, seier Skavhellen.

I fjor var det 14 elevar som søkte seg til linja, medan talet i år er på heile 55 elevar. Rektor Svein Inge Styve er svært overraska.

– At det har blitt nesten 60 søkjarar på dei 20 plassane er over all forventning og veldig kjekt, seier Styve.

Nye Voss vidaregåande skule er ei samanslåing av Voss jordbruksskule og Voss vidaregåande skule. Det nye skulebygget på Skulestadmo opnar til hausten.

– Ein heilt ny skule er ofte magnet i seg sjølv, men vi har eit godt rykte på undervisninga på linja, og det er ei generell auke i interessa for villmarksliv og friluftsliv i ungdomsgruppene som kan vera grunnen til at linja er populær, forklarar rektoren.

E-sport

Foreløpige søkjartal for Fana private gymnas er også offentleggjort, der 160 ungdommar har søkt seg til 340 plassar, ifølge Fanaposten.

Det nye e-sportsfaget på Garnes vidaregåande lokkar også ungdommar, og skulen melder at dei ikkje har hatt betre søkjartal sidan 1990-talet. 128 personar har Garnes som førsteval til hausten.

Søkjartal til vidaregåande skular i Hordaland

Skule

Prognose 2016

Prognose 2015

Auke/Nedgang i søkjartalet

Etne vgs.

96

75

21

Bømlo vgs.

316

283

33

Fitjar vgs.

264

277

-13

Rubbestadneset vgs.

133

163

-30

Stord vgs.

927

908

19

Kvinnherad vgs.

425

431

-6

Odda vgs.

315

330

-15

Hjeltnes vgs.

15

16

-1

Norheimsund vgs.

99

91

8

Rogne vgs.

83

Ikkje samanliknbart

Voss gymnas

330

331

-1

Voss husflidskule

40

Ikkje samanliknbart

Voss vgs.

100

Ikkje samanliknbart

Øystese gymnas

187

180

7

Nye Voss vgs.

370

Ikkje samanliknbart

Fusa vgs.

255

216

39

Os gymnas

251

245

6

Os vgs.

614

540

74

Amalie Skram vgs.

1787

1710

77

Arna vgs.

86

89

-3

Askøy vgs.

588

630

-42

Bergen Katedralskule

687

568

119

Bergen maritime vgs.

377

533

-156

Austevoll vgs.

146

134

12

Fyllingsdalen vgs.

451

440

11

Garnes vgs.

242

210

32

Laksevåg vgs.

761

725

36

Langhaugen vgs.

774

742

23

Lønborg vgs.

82

85

-3

Olsvikåsen vgs.

630

588

42

Osterøy vgs.

196

174

22

Sandsli vgs.

497

463

34

Slåtthaug vgs.

565

413

152

Sotra vgs.

879

826

53

Stend vgs.

570

533

37

U. Pihl vgs.

283

293

-10

Tertnes vgs.

508

482

26

Åsane vgs.

405

380

25

Årstad vgs.

835

819

16

Nordahl Grieg vgs.

1162

1187

-25

Austrheim vgs.

200

200

0

Knarvik vgs.

1203

1177

26

Kjelde: Hordaland fylkeskommune

Ekspander/minimer faktaboks