Hopp til innhold

Elevane skreiv helsingar til klassekameraten

Skulen heldt minnestund for 6-åringen som omkom i den tragiske ulukka i Vaksdal.

Vaksdal skule

MINNESTUND: Det var ein tung dag for elevar, lærarar og foreldre på Vaksdal skule tysdag. Måndag kveld mista skulen ein elev i ei tragisk ulukke.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Den seks år gamle guten vart påkøyrd av eit vogntog då han sklei i ei trapp og hamna ut på vegen i Vaksdal måndag kveld.

Alle naudetatar og luftambulanse rykka ut, men livet til førsteklassingen stod ikkje til å redda. Klokka 19.13 melde politiet at guten var omkomen.

Dermed fekk juleavslutninga i ein park like ved ein svært tragisk slutt.

– Ein veldig tung dag

Tysdag har det vore minnestund ved skulen i Vaksdal der 6-åringen var elev. Foreldra til guten deltok, saman med kriseteam frå kommunen.

Rektor Monika Antun fortel at det har vore ein tung dag på skulen, men at lærarar, elevar og foreldre har tatt vare på kvarandre.

– Vi hadde ei felles samling for elevane der vi tente lys og sa nokre ord. Det var ein del foreldre som kom.

– Så gjekk elevane til klassane sine, og der fekk dei i oppgåve å teikne og skrive litt til han, som eit minne. Men også for å setja ord på det dei tenkjer på, seier Antun.

Vaksdal skule flagga på halv stang

Flagget var på halv stong ved Vaksdal skule tysdag.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Sjokk for bygda

Rektor fortel at 6-åringen var ein flott, ressurssterk og populær gut. Elevane har reagert på forskjellig vis, og skulen har hatt fokus på at alle kjensler er normale.

– Nokre har det veldig tøft, og reagerer med sinne. Dei tykkjer det er urettferdig. Andre reagerer med tårer og er veldig triste, medan nokre er stille og tankefulle.

– Så har elevane vore ute og leika litt, og gløymer seg på ein måte. Dei ler, tøysar og har det kjekt. Då har nokon komme inn igjen med dårleg samvit. Så det har vi også snakka om i dag, at det er heilt ok. Det er ikkje mange som kjenner til så stor sorg, seier Antun.

Heile bygda kjenner på sorga etter den tragiske ulukka i går. Rektor seier ulukka har skapt sjokkbølger i eit lite samfunn der alle kjenner alle.

– Men folk stiller opp og eg opplev at fok tek vare på kvarandre, avsluttar rektor Monika Antun.

Monika Antun, rektor ved Vaksdal skule

Rektor Monika Antun ved Vaksdal skule seier heile bygda er prega av den tragiske ulukka der ein førsteklassing mista livet etter å ha blitt påkøyrd.

Foto: Sigurd Hamre / NRK