Hopp til innhold

Eldreministeren om behandlinga av Gerda (94): – Uverdig og uakseptabelt

Demenssjuke Gerda Ørstad blei flytta mellom sju institusjonar på under to år. No får kommunen refs frå eldreministeren.

Mor og dotter: Marit og Gerda Ørstad

KASTEBALL: 94 år gamle Gerda Ørstad har i dag fått fast plass på Gullstøltunet sjukeheim i Bergen. Men vegen dit har gått via seks andre sjukeheimar i ulike bydelar. Her saman med dottera, Marit Ørstad.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Onsdag fortalde NRK om 94 år gamle Gerda Ørstad, som har vore innom sju ulike sjukeheimar dei to siste åra, før ho endeleg fekk fast plass i januar i år.

– Det har vore veldig tøft. Eg har kjempa, kjefta og slite, seier dottera Marit Ørstad.

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) har beklaga, og sagt at ho vil forsikre seg om at dette ikkje skal kunna skje igjen.

Men for eldreministrar Åse Michaelsen (Frp) er ikkje det godt nok.

– Dette gjer meg veldig opprørt og trist. Det er uverdig og uakseptabelt, utan tvil, seier Michaelsen.

Etterlyser betre system

– Dette er eldre menneske som verkeleg treng å bli sett, og som skal ha verdigheit. Då kan det ikkje føregå ei slik flytting på så kort tid som vi har sett her, seier Michaelsen.

Eldreministeren er klar på at kommunane må ha system for å sikre at slikt ikkje skjer.

– Ein kvar kommune som går i seg sjølv skal ha system som skal sikre at dei eldre får den omsorga og pleia som dei har krav på, seier Michaelsen.

Åse Michaelsen

KRITISK: Eldreminister Åse Michaelsen (Frp) meiner det er uakseptabelt at ei 94 år gamal demenssjuk kvinne vart flytta mellom sju sjukeheimar før ho omsider fekk fast plass.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Helsebyråden i Bergen er einig i at situasjonen til Gerda ikkje er akseptabel.

– Eg har vore tydeleg på at dette må vi gjere noko med no. Slik som dette skal vi rett og slett ikkje ha det, sa Ljosland til NRK på onsdag.

Dottera til Gerda, Marit Ørstad, set pris på velmeinande ord frå politikarane, men etterlyser meir handling.

– Dette må også følgast opp med kartlegging og tiltak. Vi kjem til å få ei eldrebølge, og då er det viktig at det er utbygd nok sjukeheimsplassar, seier Ørstad.

– Det handlar om å få ein verdig avslutning på livet.

– Fleire i same situasjon

Også eldrerådet i Bergen reagerer på at den demenssjuke 94-åringen vart send frå sjukeheim til sjukeheim. Men leiaren i rådet er ikkje overraska.

– Dette har vore kjend i årevis, seier Inger-Johanne Knudsen.

Eldrerådet kjenner til fleire liknande saker, og meiner kommunen må få på plass fleire sjukeheimsplassar raskt. NRK har også vore i kontakt med fleire pårørande i Bergen som har liknande historier.

Inger-Johanne Knudsen

VIL HA ENDRINGAR: Inger-Johanne Knudsen i eldrerådet i Bergen meiner det er uhøyrt at eldre blir sendt frå sjukeheim til sjukeheim.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Det må vere mogleg å sørge for at eldre ikkje blir sendt til sju ulike sjukeheimar på denne måten, seier Knudsen.

Michaelsen oppmodar eldre og pårørande om å seie frå, dersom dei ikkje får godt nok tilbod i kommunane.

– Eldre som bur på sjukeheim må nytte seg av moglegheita til å klage når slikt skjer, seier eldreministeren.

Sju sjukeheimar på to år