Stipendiat Sabine Ruths ved Universitetet i Bergen har skrive doktoravhandling om emnet. Ho meiner mange eldre på sjukeheim får for mykje medisin. Ruths har undersøkt kvaliteten på medisineringa ved 23 sjukeheimar i Bergen.
For mye medisin
Av 1500 observerte pasientar meiner ho at tre av fire er utsett for uheldig medisinering. 50 prosent får meir medisiner enn dei treng og 13 prosent får mindre behandling enn det dei skulle hatt.
Problemet er altså å komme fram til ei rett vurdering i bruken av medisin.
- Angstdempande medikament og sovemiddel vert ofte brukt dagleg over fleire månedar. Slike medikament skal i utgangspunktet ikkje brukast over lengre tid, seier Ruths.
Eldre meir utsett for biverknader
Mykje av problemet i medisineringa er retningslinene. For doseringa av medisiner er laga med utganspunkt i unge personar.
- Eldre menneske er meir utsett for biverknader. Då er det viktig og vere forsiktig med valg av medisinar og doseringa, seier forskaren.
No ynskjer forskaren at dei eldre får ein meir verdig alderdom på sjukeheimen.
- Å få riktig behandling for sjukdommar hevar livskvaliteten, sier Ruths.
Lovar fleire legar
Helsebyråd i Bergen, Trude Drevland, vil no følgje opp saken. Ho lover fleire legestillingar for å hindre at eldre får mangelfull medisinering.