Hopp til innhold

Eldre stiller mest opp for andre

Ei ny undersøking viser at nærmare 70 prosent av dei over 60 år bidrog med frivillig arbeid i fjor. – Vi gløymer ofte dei eldre som ein ressurs i samfunnet, meiner generalsekretær.

Pensjonist

JOBBAR FRIVILLIG: Jan Ytrearne er ein av fleire pensjonistar som no jobbar frivillig med å køyre andre eldre. Her hjelper han Mette Taule.

Foto: Siri Løken

– God morgon, og så må du hugse å ta på beltet, seier Jan Ytrearne som er i gang med dagens henterunde. Den tidlegare brannmannen har vore pensjonist i ti år, men jobbar no frivillig med å køyre andre eldre.

Ytrearne er ein av mange eldre som stiller opp for Frivillighetssentralen i Arna. Han er eit typisk døme, for det er dei eldste blant oss som bidrar mest frivillig her i landet.

Ønskjer å bidra

TNS Gallup har i samarbeid med Frivillighet Norge intervjua 1015 personar om frivillig arbeid.

Undersøkinga syner at nærmare 70 prosent av dei over 60 bidrog med ein eller annan form for frivillig arbeid i fjor.

Jakob Selbak

BETYR MYKJE: Jakob Selbek er glad for at andre eldre stiller opp, slik at han kan kome seg ut og møte folk.

Foto: Siri Løken

I Norge er det no 1 121 780 personar over 60 år.

– Dei eldre er opptatt av å bidra i nærmiljøa sine. Dei er friske og mange har ein lang pensjonstid. Dei deltar i alle slags formar for velforeiningar, pensjonistforeiningar og idrettslag. Det er ein enorm verdi for landet vårt, seier Birgitte Brekke, generalsekretær i Frivillighet Noreg.

– Gløymer vi at dei eldre også er ein ressurs?

– Ja, det trur eg veldig ofte at vi gjer, seier ho.

– Eg treng nokon å prate med

Jakob Selbak og Anne Mary Tunestveit er glad for at andre eldre stiller opp, slik at dei kan treffas til felles måltid på samfunnshuset i Arna.

Jan Ytrearna

KØYRER ELDRE: Jan Ytrearna er i gang med dagens henterunde. Han er pensjonist og jobbar frivillig med å køyre andre eldre.

Foto: Siri Løken

– Hadde dei ikkje henta meg, så kunne ikkje eg ha vore her. Det betyr veldig mykje for meg, for eg sit veldig mykje åleine, seier Tunestveit.

– Alle menneske treng mat og det får vi her. Men minst lika viktig er at eg treng nokon å prata med. Spesielt etter at eg vart åleine, seier Selbak.

Jan Ytrearne meiner at jobben gjev han veldig mykje.

– Det er ei glede å gjere dei denne tenesta, og så får eg så mange gode og positive tilbakemeldingar frå brukarane. Det er kjekt, legg Ytrearna til.