NRK Meny
Normal

Eldre kvinne sat 45 minutt på do utan å få hjelp

Mange sjukeheimar i Bergen slit med varslingssystema som ikkje verkar. På Ladegården sjukeheim fortviler dei tilsette over mange episodar der pasientar ikkje får assistanse.

Hjelpepleiar Beate Eliassen ved Ladegården sykehjem i Bergen

ALVORLEG: Hjelpepleiar Beate Eliassen fortel at dei har opplevd mange uheldige episodar med varslingssystemet.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Ladegården sjukeheim er berre ein av mange institusjonar i Bergen kommune som opplever stadig problem med alarmsystemet.

Knappane som dei eldre trykkjer på når dei treng hjelp er svært ustabile og fungerer ofte ikkje. I tillegg går dei viktige vakttelefonane som dei tilsette har på seg ofte i svart.

– Alvorleg, seier dei tilsette, som har slite med problemet i fleire år.

Ho var veldig redd.

Hjelpepleiar Beate Eliassen

Knappane fungerer ikkje

– Systemet er veldig ustabilt og det går utover tryggleiken til pasientane. Dei må kunne stole på at vi kjem når dei treng hjelp, seier hjelpepleiar Beate Eliassen.

Dei tilsette har opplevd mange episodar der pasientar har hamna i uverdige situasjonar.

– Eg har til dømes opplevd ei som måtte sitte på toalettet i tre kvarter utan at nokon kom. Ho var veldig redd, fortel Eliassen.

Ho demonstrerer korleis det ofte må opptil ti trykk på alarmknappen før systemet blir aktivert. Ofte slit dei eldre også med å trykka knappen som varslar sjukepleiarane om at det er i naud.

LES OG: – For få klagar på sjukeheim

På sjukeheimen er det 107 pasientar, men også dei pårørande er uroa for at systemet ikkje er til å stola på.

– Det er frustrerande for besøkande som ikkje får tak i oss, sukkar styrar Kari Irene Hamre.

Håp om betring

Det er ikkje berre pleiarane på Ladegården sjukeheim som har trøbbel med det viktige alarmsystemet. Også fleire andre sjukeheimar har slite med det same, fortel etatssjef Karl Henrik Nicolajsen for alders- og sjukeheim i Bergen kommune.

– Det har vore ein god del problem med utstyret. Systemet er heller ikkje optimalisert for bruk på institusjonar som dette.

Men det er betring i sikte.

– Vi held på med å innføra eit nytt system som skal vera meir solid. Det er også tilpassa bruk på sjukeheimar, forklarar Nicolajsen.

Siste video

Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.