Hopp til innhold

Eldre kvinne omkom i Jondal

Ei kvinne vart erklært død på staden etter ei ulukke i Årvika i Jondal fredag kveld.

Arbeidsulukke i Jondal

Politiet fekk melding om ulukka klokka 19.55 fredag kveld.

Politi, ambulanse og Jondal brannvesen rykka ut, men personen blei erklært daud på staden. Pårørande er varsla.

Ulukka skjedde i då ein båt skulle trekkast på land på eit privat område. Ingen andre personar er fysisk skadd.

– Det var to personar til stades, og dei skal ha vore på ei hytte i området, seier lensmann Jan Ludvik Fosse i Kvinnherad.

Namnet på den omkomne kvinna er frigitt. Det var 67 år gamle Inger Sofie Johansen som omkom i ulukka.

Saka vert etterforska av Kvinnherad lensmannsdistrikt.