NRK Meny
Normal

– Eg trur større kommunar klarar seg betre enn små

Blant innbyggjarane over 65 år i Hordaland skal du leite svært lenge etter ein som er negativ til kommunesamanslåing.

Arne Jakobsen

VIL HA STORKOMMUNE: Arne Jakobsen frå Askøy er positiv til større kommunar. – Eg trur dei står seg betre enn småkommunar som i dag, seier han.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vallogo

– Vi kan godt ha større kommunar. Eg trur dei står seg betre enn småkommunar som i dag, seier Arne Jakobsen (88) ved kafebordet på Kleppestø på Askøy.

Jakobsen si haldning passar godt inn i den oppsiktsvekkjande meiningsmålinga InFact har gjort i Hordaland for BA og NRK.

Resultatet frå undersøkinga syner at skepsisen til større kommunar minkar med alderen. Medan berre 35 prosent av dei under 30 år ønskjer at kommunen deira skal bli slått saman med andre, svarar 95 prosent av dei over 65 år at dei ønskjer å bli slått saman med nabokommunar.

Så mange er positive

Kva er di haldning til at kommunen din slår seg saman med ein eller fleire nabokommunar?

ALDER:

18-29 år

30-44 år

45-64 år

+ 65 år

Totalt

POSITIVE:

35.5%

53.2%

82.5%

95.5%

66.8%

Svara hordalendingane gir i undersøkinga overraskar Frank Aarebrot.

Frank Aarebrot

OVERRASKA: Professor Frank Aarebrot meiner resultatet i undersøkinga er oppsiktsvekkande.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Dette er overraskande. Ein skulle jo trudd at dei litt eldre ønska seg at verda skulle vera slik som den alltid har vore, seier Aarebrot, som er professor i samanliknande politikk.

– Dette kan tyde på at den delen av bodskapen som går på det positive – at kommunesamanslåing skal bidra til å betra dei kommunale tenestene – har slått kraftigare inn enn vi anar. Skal samanslåing gje ei betring er behovet størst i eldreomsorga, meiner Aarebrot.

– Dei eldre er ikkje så skeptiske

Siv Høgtun

VIL VERA ÅLEINE: Askøy-ordførar Siv Høgtun ønskjer at kommunen unngår samanslåing.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Askøy-ordførar Siv Høgtun (H) får same inntrykk av veljarane når ho møter dei i valkampen.

– Eg har snakka med veldig mange innbyggjarar, og eg har eit inntrykk av at dei eldre ikkje er så skeptiske til samanslåing, seier ho.

Høgtun står sjølv for ein politikk der Askøy skal vera sjølvstendig, også i framtida.

– Askøy er spesiell. Det er ei øy, og vi er allereie ein veldig stor kommune, slår ho fast.

Sjølv om Arne Jakobsen ved kafebordet i utgangspunktet er positiv til større kommunar, er han faktisk meir i tvil om den nest største kommunen i Hordaland treng å verta større.

– Me er glade i Askøy. Men om det skulle vera aktuelt måtte me nok hatt med dei andre kommunane i vest. Eg trur ikkje på ei samanslåing berre med Bergen, seier den spreke pensjonisten.

SV-, Rødt- og MDG-veljarane mest negative

Deler ein dei som er spurt i undersøkinga etter kjønn, er kvinnene meir negative enn menn til kommunesamanslåing.

70,5 prosent av alle menn som er spurt, er positive, medan 63,2 prosent av kvinnene vil slå seg saman.

Ser ein på kva parti dei spurte stemmer på, syner resultatet av undersøkinga at det er fleirtal for kommunesamanslåing mellom alle parti sine veljarar, utanom SV, Rødt og Miljøpartiet De Grønne. Til og med Senterparti-veljarane har eit fleirtal positive (55 prosent).

Dei aller mest ihuga kommunesamanslåingsentusiastane er det Høgre som har (84,7 % positive), med Venstre-veljarane like bak (84,1 % positive). Også mellom KrF-veljarane er over 80 % positive til samanslåing. Mest motstand finn ein hos veljarane til Miljøpartiet De Grønne (20,8 % positive).

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2