NRK Meny
Normal

Elbilforeininga åtvarar Bergen kommune

Byråden i Bergen vil ikkje avvisa at elbilistane må betala for dei fallande bompengeinntektene i byen. Norsk elbilforeining åtvarar mot å fjerna elbilgoda.

Gravdal

FÆRRE PASSERINGAR: Talet på elbilar aukar og totaltrafikken går ned i bomringen i Bergen. Det har ført til store sprekkar i inntektsprognosane til bompengeselskapet.

Foto: CHARLOTTE HAARVIK SANDEN

Bergen bompengeselskap har så langt i år tent 24,2 millionar kroner mindre enn venta etter at rushtidsavgifta blei innført. Ein uventa auke i talet på elbilar er ein av dei viktigaste årsakene.

Byråden fredar ikkje elbilgode

Byråden vil ikkje avvisa at det kan gå ut over goda til elbilistane.

– Inga ordning er freda, sa Tryti til NRK tidlegare denne månaden.

Det får Noregs elbilforeining til å sperra opp auga.

– Bystyret i Bergen har vedteke å redusera klimagassutsleppa med 30 prosent innan 2030. Ei så ambisiøs målsetjing kan ikkje møtast med avgifter mot elbilistar når elbilane enno ikkje er konkurransedyktige, seier generalsekretær i Norsk elbilforeining, Christina Bu.

Christina Bu, generalsekretær norsk elbilforening

TRIST: Generalsekretær i Norsk elbilforeining tykkjer det er trist at Bergen kommune kan opna for å fjerna fritaket for bompengar og rushtidsavgift for elbilar.

Foto: Ståle Frydenlund/Norsk elbilforening

6 av 10 har elbil for å sleppa bompengar

I ei undersøking gjort av foreininga oppgjev 77 prosent av elbilistane i Hordaland at gratis bompassering var ein av grunnane til at dei valde elbil. 60 prosent seier at dei ikkje ville kjøpt elbil utan.

Bu meiner tala viser at fritaket for bompengar og rushtidsavgift for elbilar må halda fram.

– Elbilsalet så langt i år har gått ned over med nesten tre prosent samanlikna med i fjor. Då er ikkje dette tidspunktet å byrja å rota med fordelane.

– Feil å gjera elbilen til eit problem

I 2014 kalkulerte talknusarane med at auken i talet på elbilar ville flata ut. I staden har elbilparken i Bergen auka frå 2,5 prosent til 10 prosent på rekordtid.

I løpet av året kan bompengeselskapet enda opp med å tena 75 millionar mindre enn venta.

Tapet av inntekter på grunn av denne utviklinga må diskuterast både nasjonalt og regionalt, meiner byråd Tryti, utan at ho vil seia kor pengane skal takast frå.

Anna Elisa Tryti

AVVISER INGENTING: Byråd for byutvikling Anna Elisa Tryti vil ikkje freda fritaket for bompengar og rushtidsavgift for elbilar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Bu meiner det er for lettvint å skulda dei fallande inntektene på elbilistane

– Her har bompengeselskapet openbert budsjettert feil for fleire grupper, men ein skuldar alt på elbilane, seier Bu.

– At inntektene fell, viser at ein må gjera noko med systemet – ikkje at elbilar er eit problem. Rushtidsavgifta fungerer, og eit resultat av det er færre bilar på vegane i Bergen. Då går talet på passeringar ned.

– Bergen har eit ansvar

Leiar i elbilforeininga meiner Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune bør klappa seg sjølv på ryggen.

– Det ein har gjort i Bergen vekker stor entusiasme internasjonalt og viser verda at det går an å kutta utslepp med politisk vilje. Det skal Bergen vera stolte.

Men samstundes meiner ho politikarane i Bergen har eit ansvar – ikkje berre overfor seg sjølve.

– Viss Bergen går vekk frå dei elbilgoda ein i dag har, sender byen eit negativt signal langt utanfor norske landegrenser.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.