15-åringen skal ha vore rusa og nærast bevisstlaus då ho vart sexmisbrukt.
Jenta vart ifølgje Bergens Tidende påført ein kjønnssjukdom under det påståtte overgrepet.
Dette vert spesielt trekt fram i den alvorlege tiltalen.
Svært full
Det blei konsumert store mengdar alkohol på festen, som fann stad i ein av Bergens nabokommunar. Den unge jenta blei etter hvert svært full.
Politiet meiner dei tre vaksne, to menn i 20-30-åra, og ei kvinne i 25-årsaldaren, utnytta denne situasjona til å misbruke jenta på det grovaste.
Alle tre er tiltalt for å ha valdteke henne i fellesskap. Jenta er ikkje i familie med dei tre tiltalte, men ho skal ha kjent til minst ein av dei frå tidlegare.
- Enorm belastning
- Ho har fått profesjonell oppfølging, men det er klart at saka er ein enorm belastning. Ikkje minst å måtte møta i retten og å lese om saka i media, seier jentas bistandsadvokat, Hege Falch, til Bergens Tidende.
Ho kjem til å kreva at dei tre vert dømde til å betala ein betydeleg erstatning til den unge jenta.
- Erstatning er ikkje det viktigaste, men det vil vera med å plassera ansvar på dei som har stått for overgrepa mot henne, seier Falch.
Frivillig med
Dei tre tiltalte hevdar jenta frivillig var med på sex-handlingane, og at ho ikkje var ute av stand til å gjera greie for seg.
- Min klient seier at ho trudde jenta var over 16 år. Ho nektar difor straffeskuld, seier advokat Arild Dyngeland, som forsvarar den tiltalte kvinna, som sjølv er småbarnsmor.
Han vedgår at det er svært spesielt å representera ei kvinne som er tiltalt for gjengvaldtekt.
Saka kom for dagen då foreldra til den 15 år gamle jenta varsla politiet.
Politiet aksjonerte og pågreip den yngste av dei tre tiltalte. Han blei framstilt for varetektsfengsling, medan ekteparet rømde utanlands. Etter ei veke blei dei pågripne av nederlandsk politi, og ført tilbake til Noreg.
Alle tre er nå løslatt.
Pågjekk over lang tid
Overgrepa mot jenta skal ha pågått over eit lengre tidsrom. Politiet har fått opplysningar om at nokre av overgrepa skal ha blitt fotografert, eller filma.
Det er derimot ikkje funne noko slikt materiale, trass i at det er teke ei rekkje ransakingar i bustadene til dei tiltalte.
Saka mot dei tre kjem opp for Midhordland tingrett i august. Statsadvokat Randi Gabrielsen, som skal vera aktor, ønskjer ikkje å kommentera saka før ho kjem for retten.