Hopp til innhold

Ektemannen og svigermora fengsla

Bergen Tingrett vil lauslate Dung Tran Larsen sin svigerfar og svoger. Svigermora og ektemannen vert varetektsfengsla.

Utanfor Bergen tinghus.
Foto: Anders Nøkling / NRK

Alt om Tran Larsen-forsvinninga

Det vart klart i Bergen Tingrett sundag ettermiddag.

Tingretten har komme fram til at ektemannen (32) og svigermora (59)  til den sakna 22-åringen vert varetektsfengsla i høvesvis fire og to veker.

Begge får brev- og besøksforbod.

Svigerfar og svoger lauslatne

Retten vil lauslate Dung Tran Larsen sin svigerfar (62) og svoger(34).

Svigerfaren må likevel førebels sitta i varetekt fordi aktor har anka avgjerda. Det vert opp til Lagmannsretten om svigerfaren vert sleppt fri eller ikkje.

Svogeren til Dung Tran Larsen vert lauslaten fordi påtalemakta ikkje fekk medhald i påkjæringa.

Lukka dører

Dei fire vart fremstilte for varetektsfengsling laurdag sikta for forsetteleg drap. Ingen av dei har innrømt straffskuld. 

Av omsyn til etterforskninga vart fengslingsmøtet i går halde bak lukka dører. Dei fire vart pågripne torsdag 23. august.