Hopp til innhold

Ekstrembloggar krev erstatning

Bloggaren Eivind Berge krev erstatning etter å ha vore sikta for oppfordring til politidrap.

Eivind Berge i Ålesund fengsel

VARETEKT: Eivind Berge sat varetektsfengsla i Ålesund fengsel, men no er saka mot han lagt vekk.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Eivind Berge

LETTA: Eivind Berge er letta over at saka mot han er lagt vekk.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

I dag blei det kjent at politiet legg vekk saka mot Berge.

Grunngjevinga er ei avgjerd i Høgsterett som slår fast at ytringar på ein blogg ikkje skal reknast som offentlege ytringar.

– Eg er glad og letta over avgjerda, seier Eivind Berge til NRK.no.

Vil krevja erstatning

Berge meiner politiet ikkje hadde nokon grunn til å pågripa han for det han skreiv i bloggen sin. Han meiner også at det har gått altfor lang tid før saka no er lagt vekk.

Bloggaren blei pågripen 4. juli i år og sat fleire veker i varetekt. No vil han ha erstatning.

– Vi kjem til å krevja erstatning for urettmessig straffeforfølging, seier Berge.

Har ikkje sletta blogg-innlegg

Bloggaren seier no at han ikkje lenger vil oppfordra til drap på politifolk.

Men det han skreiv i bloggen sin står der framleis.

– Alt eg har skrive står der framleis. Eg har ikkje sletta eit ord, og det kjem eg heller ikkje til å gjera, seier han.

Berge meiner bloggen hans er eit historisk arkiv over det han skrive på gitte tidspunkt, og at det er heilt urimeleg viss han må sletta delar av det i ettertid.

Ny definisjon på trappene

Regjeringa har varsla ei endring i definisjonen av «offentleg handling» i straffelova, som skal forby den typen truslar Berge var sikta for.

Det vil gjera det straffbart å truga nokon gjennom eit blogginnlegg.

Det er så langt uklart om det omstridde blogginnlegget til Berge vil bli ramma av ei slik endring.

– Eg meiner det er heilt urimeleg viss lova får tilbakeverkande kraft, seier Berge.