Fire personar måtte i morgontimane fredag evakuerast frå gardsbruket i Husavik på Huftarøy i Austevoll på grunn av brannen.
Politiet frykta lenge for eksplosjonar frå den overtende låven.
Lagra sprengstoff
Det viste seg nemleg at i låven, som var i full fyr, var både dynamitt og gass lagra.
Dermed måtte politiet be brannvesenet om å stanse sløkkinga på grunn av fare for eksplosjonar.
Brannmannskap fekk beskjed om stanse slukkinga då det vart klart at det var lagra dynamitt i låven. Foto: Dorthea Margrethe Møgster / Marsteinen.
Heile området rundt garden vart avsperra og brannmannskapen konsentrerte seg om å berge hovudhuset på garden.
Faren over
I tida etter at sløkkinga vart avbrutt skal det ha gått av fleire eksplosjonar inne i låven.
Låven er så å seie utbrent og politiet meiner at faren for fleire eksplosjonar er over.
Ein verkstad på garden tok også fyr. Foto: Dorthea Margrethe Møgster / Marsteinen.
Også ein verkstad vart tatt av flammane på garden, men hovudhuset er berga.
Lynnedslag
Det er uklart kva som var årsaka til brannen på gardsbruket i Austevoll.
Politiet trur årsaka kan vere eit lynnedslag.
- Det me veit er at det var eit lynnedslag like før det byrja å brenne i gardsbygningen, seier operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt Øystein Jarland.