Hopp til innhold

Ekspertar: Dette var feil med sikringa av fregatten

Dei ti festa som skulle halda KNM «Helge Ingstad» hadde ikkje sjanse mot naturkreftene – og kan i tillegg ha vore feilmonterte. Forsvarsmateriell avviser kritikken.

Fregatt festet med vaiere

FESTA TIL LAND: Helge Ingstad var festa på ti ulike slike punkt på land. Tysdag morgon rauk vaierane i tur og orden. Forsvarsmateriell seier at vaierklemmene var korrekt sett på når dei var ferdig monterte.

Foto: Jakob Østheim / Forsvaret

Tidleg tysdag morgon gjekk det gale under sikringsarbeidet på den havarerte fregatten i Øygarden.

KNM «Helge Ingstad» låg festa til land med ti massive vaierar i stål. Men dei ti festepunkta i fjellet gav etter og berget sprakk. Deretter rauk fleire av vaierane i tur og orden.

Kort tid etter låg så godt som heile fregatten under overflata.

No kjem det kritikk frå ei rekke fagfolk mot arbeidet og metoden til Sjøforsvaret. Dei peikar på fleire punkt:

  • Festemetoden hadde ikkje sjanse til å halda skipet på plass i utgangspunktet.
  • Det var ikkje gode nok punkt på skipet å festa vaierane på.
  • Klemmene på vaierane på land skal ha blitt montert feil veg.

– Klemmer monterte feil veg

Fleire fagfolk NRK har vore i kontakt med påpeikar at vaierane er feilmonterte.

Ved rett montering skal klemmene sitja same veg. Fleire av bileta som Forsvaret har tatt, viser at klemmene på fleire vaierar er feilmonterte. Boltane skal stå same veg, ifølge Rune Vabø, administrerande direktør i Munck Cranes.

– Det er berre éin måte å montera vaierklemmer på. Alle manualar viser korleis vaierklemmer skal monterast. Det er ein del av opplæringa og enkel basiskunnskap blant montørar, seier Vabø til NRK.

Vaierklemmer montering

RETT METODE: Slik viser instruksjonar at klemmene på vaierar skal bli monterte.

Foto: Skjermpdump

Han uttalte seg først i Bergens Tidende.

Ved korrekt montering vil trykket frå den stramme enden av vaieren bli fordelt utover eit størst mogleg område. Om klemmene derimot er snudd, vil presset på vaieren auka.

– Er vaieren feilmontert, risikerer du å skada vaieren. Brukar du for få vaierklemmer kan det skapa friksjon, og vaieren kan skli ut og bli dradd gjennom.

Under tysdagens pressekonferanse på Haakonsvern opplyste Forsvaret at fleire vaierar rauk. Men alle klemmene og festa skal ha vore intakte, og vaierane skal ha ryke lenger ute på mot båten.

– Når ein ser på bileta Forsvaret sjølv har tatt, ser ein at det er gjort feil. Ved bruk av denne type klemmer som vist på biletet, så skal klemmene vera same veg, seier Vabø.

Fleire av Forsvaret sine bilete frå sikringsarbeidet viser tydeleg at klemmene er montert ulik retning.

Arbeid med å sikre fregatten

FEIL MONTERING: Bileta frå Forsvaret viser at fleire av klemmene på vaierane var monterte feil veg, meiner Rune Vabø i Munck Cranes.

Foto: Jakob Østheim / Forsvaret

Ikkje gode nok festepunkt

Fleire bergingsekspertar som NRK har snakka med er også kritiske til at det i det heile blei brukt vaierar til å stabilisera skipet.

Mange er kritiske til metoden, men ønskjer ikkje å uttala seg offentleg mot Sjøforsvaret.

– I utgangspunktet er ikkje dette ein enkel jobb. Men det å bruka ti vaierar på eit skrog utan eigna festepunkt, gir ikkje dei rette proporsjonane. Då må det eventuelt byggast feste på båten og distribuera vekta slik at skroget blir halde på plass, seier ein skipsbergar med mange års erfaring.

– Vaierane slik dei er brukt her, er alt for svake og lette.

Skipsekspert Erik Tveten støttar dei utsegna i Aftenposten i dag.

– Når flo og fjære jobba med båten, sklei han til slutt ut frå land. Då var det ingen sjanse til å få nok feste om bord i båten til å halda igjen ei slik vekt. Dette var ikkje til å unngå, seier han til NRK i dag.

Tveten har 35 års erfaring med å vurdera skader på ulike typar skip. Han vil ikkje kritisera Sjøforsvaret for sikringsarbeidet, og meiner det var vanskeleg å gjera noko mot dei store naturkreftene som er i sving.

Kritikk frå Nederland

Nettstaden aldrimer.no har snakka med Tjisse van der Meer, sjef for berging hos det nederlandske bergingsselskapet Ardent Global.

– Aldri i verda om vi ville ha valt ei slik løysing, seier van der Meer.

Ardent Global er selskapet som sto for berginga av cruiseskipet Costa Concordia i 2012.

NRK har fleire gonger vore i kontakt med det nederlandske selskapet, men van der Meer har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Ifølge van der Meer var Ardent Global eitt av selskapa som Forsvaret kontakta før de valde Boa Management som bergingsselskap. Tilbodet frå van der Meers selskap blei avvist som «for dyrt», skriv aldrimer.no.

Dette seier Sjøforsvaret

Sjøforsvaret har heile tysdag ettermiddag ikkje svart på NRK sine spørsmål om val av metode.

– Dette har hele tida vore ein krevjande og kompleks sikringsoperasjon, sa sjef for nasjonal sjøoperasjonssenter, Yngve Skoglund, under tysdagens pressekonferanse på Haakonsvern.

KNM «Helge Ingstad» kviler på ei grunne som skjener nedover. Faren for at skipet skal skli ut på djupare vatn, har difor vore overhengande.

– Vaierane var sterke nok til å halde fregatten stabilt på det horisontale plan. Men når fleire tusen tonn beveger seg nedover handlar det ikkje om vaierar, men om masse og kraft, sa Skoglund på pressekonferansen.

Under tysdagens pressekonferansen fekk Skoglund og Håvard Mathiesen, som leiar sikringsarbeidet for Forsvarsmateriell, fleire kritiske spørsmål til bruken av sikringsmetode.

– Å seia at me har gjort eit djupt planleggingsarbeid for ei sånn hending, blir ikkje heilt riktig, sa Skoglund under pressekonferansen.

Blei valde bort

Tysdag opplyste Sjøforsvaret at selskapet Boa management AS var hyra inn for å støtta under operasjonen med å heva fregatten.

Bergingsselskapet Buksér og Berging var på synfaring ved havaristen i helga, og leverte eit forslag til løysing.

– Det er ein stor bergingsoperasjon, med eit skip som veg nesten 6000 tonn. Det krev mykje analysar og utrekningar, i tillegg til betydelege dykkeoppdrag og løfting, seier Vetle Sverdrup, administrerande direktør i Buksér og Berging.

Forsvarsmateriell valde etter kort tid bergingsselskapet Boa til jobbe med å støtta under bergingsoperasjonen med slepebåt og lekter.

Sverdrup ynskjer difor ikkje kommentera arbeidet eller løysingane som blei valde. Han understrekar at kompleksiteten i arbeidet har auka betrakteleg sidan skroget og radartårnet no ligg under vatn.

NRK har vore i kontakt med Boa. Dei vil ikkje uttala seg, men viser til Forsvarsmateriell.

Meiner fjellet gav etter

Fungerande kommunikasjonsdirektør i Forsvarsmateriell, Hilde Tank-Nielsen, opplyser i ein e-post til NRK at det ikkje er indikasjonar på at vaierklemmene eller vaierane rauk.

– Vår vurdering er at det er fjellet som boltane var bora ned i som gav etter, slik at vaierane losna.

Tank-Nielsen skriv vidare at fleire av bileta av monteringsarbeidet er publisert før vaierane var ferdig montert, og at dei etter montering låg rett veg.

– Alle vaierklemmer låg rett veg med seks klemmer på kvar vaier. Dette opplyser firmaet som leiar arbeidet på staden.

Forsvarsmateriell opplyser at det også har blitt brukt eigne kontrollørar for å verifisera monteringa.

Tank-Nielsen seier at dei ikkje ønskjer å kommentera kva vurderingar som er blitt gjort når det kjem til val av leverandør.